Jul i Nordfjord er eit julehefte med kulturhistorisk og litterært stoff frå og om Nordfjord. Heftet blir gitt ut av Nordfjord Folkemuseum.
Du kan lese historier frå krigsåra, om fleire av kyrkjene i Nordfjord, skikkar, mat, kultur og personar som har sett sitt preg på området på ein eller andre måten.
Vil du skrive i bladet eller har tips om gode saker? Er du forhandlar eller privatperson og ønsker å kjøpe bladet?
Kontakt oss på nfm@misf.no / 480 63 234
Ynskjer du å kjøpe Jul i Nordfjord?
Siste utgåve av Jul i Nordfjord kan du kjøpe på museet eller hjå ein av forhandlarane våre i Nordfjordkommunane og Førde.
Er ikkje heftet i sal der du bur? Kontakt oss på e-post, så sender vi det pr. post. Pris for årets hefte er 160 kroner, medan tidlegare utgåver (publisert før 2021) kostar 50 kroner.
Historikk
Jul i Nordfjord blei første gong gjeve ut i 1936, og har sidan den gong hatt ulike utgivarar. I 1936 var Erik Fønstelien Bokhandel i Måløy utgjevar (berre denne årgongen). I 1940–46 var Kolbein Sterke utgjevar, ved redaktør K. Sølvberg i Stryn. Deretter låg heftet nede ei tid før Firda Ungdomslag tok til å gje ut heftet i 1956. I 2004 – 16 var Nordfjord Folkemuseum og Nordfjord Sogelag som utgivarar med ei frittståande redaksjonsnemnd. Frå 2017 tok Nordfjord Folkemuseum over det redaksjonelle ansvaret.
Gamle årgongar
Mange gamle årgongar av Jul i Nordfjord er no digitalisert (sjå her). Eldre hefter kan også tingast gjennom museet.
Via Nasjonalbiblioteket sine nettsider er det også mogleg å finne enkeltartiklar. Eit enkelt søk på «Jul i Nordfjord» og «Claus Frimann» syner mellom anna at diktarpresten i Bremanger er nemnd i 24 (digitaliserte) utgåver av bladet.