I 2025 er det 200-årsjubileum for utvandringa til Amerika. 15. mars markerar vi starten på jubileet og Nordfjord Sogelag og Nordfjord Folkemuseum inviterar til seminar med nasjonale føredragshaldarar som er ekspertar innan feltet.
Seminar om utvandringa 15. mars
200-årsjubileet vil bli markert med ei lang rad arrangement rundt om både i Noreg og Amerika. Også i Nordfjord vil utvandrarjubileet bli markert på ulike måtar. Eit av første arrangementa blir eit seminar på Nordfjord Folkemuseum på Sandane 15. mars. Arrangørane, Nordfjord Sogelag og Nordfjord Folkemuseum, har sett saman ein variert og spennande meny.
Føredragshaldarane har stor kunnskap om temaet utvandring.
Når: 15. mars kl. 10.00 - 16.00
Stad: Nordfjord Folkemuseum, Sandane
Påmelding: Bjarne Kaarstad. E-post: bjakaar@gmail.com eller telefon 917 18 957
Påmeldingsfrist: 1. mars
Deltakaravgift: kr. 500,- inkludert lunsj.
Betaling ved frammøte, med vipps eller kontantar
Desse kjem
Terje Mikael Hasle Joranger er fag- og forskingsdirektør ved Norsk utvandrermuseum på Stange i Innlandet. Han har doktorgrad i historie med migrasjon og etnisitet som tema.
Lena Eikeland Kutschera er avdelingsleiar på Vestnorsk utvandringssenter på Radøy. Dette senteret er eit friluftsmuseum med bygningar som er flytta tilbake til Noreg frå Amerika.
Knut Djupedal er historikar og tidlegare direktør ved Norsk utvandrermuseum. Han har skrive bøker og artiklar om utvandring, mellom anna ein artikkel om utvandringa frå ytre Nordfjord.
Sallie Anna Steiner Pisera er museumsleiar på Sunnfjord Museum. Ho har arbeidd mykje med norsk-amerikanske samfunn i Øvre Midtvesten. Ho er sjølv norsk-amerikanar med røter i Jølster.
Rasmus Sunde er historikar og tidlegare 1. amanuensis ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Han har skrive bøker om utvandring, mellom anna Langt borte - men likevel nær, om utvandringa frå Stryn.
Som det går fram av omtalen av føredragshaldarane, har dei både einskildvis og samla stor kunnskap om utvandring. Vi kjenner oss trygge på at deltakarane etter seminaret vil sitje att både med ny kunnskap og nye perspektiv på fleire område av utvandringshistoria.
Bilete øverst i artikkelen er frå Hestnesøyra i Gloppen kommune, og syner ein talrik flokk som møtte opp på kaia for å ta farvel med tre karar hadde vore heime ein tur og skulle reise attende til Amerika.