Nordfjord Folkemuseum Nordfjord Folkemuseum
nordfjord-folkemuseum/bakside_alt_b_nfm.1981-04474.jpg.

Bladslepp Jul i Nordfjord 2024

Tidspunkt -
Stad Nordfjord Folkemuseum

Denne veka går Jul i Nordfjord 2024 i trykken!

Søndag vert bladet slept på museet. Mellom klokka 12 og 14 held vi ope slik at du kan kjøpe bladet og få ein kopp kaffi og gratis inngong med på kjøpet.

nordfjord-folkemuseum/jul-i-nordfjord-2024-framside.jpg.
Framsida er det i år reverfarmaren Olav Haugen frå Hornindal som prydar. Bildet er tatt i 1928. Fotograf Rasmus Kirkhorn / Fylkesarkivet i Vestland.

Årgang 77

I Jul i Nordfjord 2024 får du glimt frå skulestyrar Ryssdal sitt fotoalbum og Figaros bryllup i operaen, livet til spelemannslegenden Magne Maurset og flygaren Ola Dan Eide.

Geografisk spenner artiklane frå Hyen til Amerika – du kan lese om arbeidet med Hyespringaren og utvandrarjubileet som startar neste år. Du kan òg lese om pelsdyrentusiast Jens Nordang frå Nordfjordeid.

Av tradisjonsmateriale får du lære om sjålykter, om gravferdsskikkar og stadnamn. Om kunst og handverk, Strandamåleriet og Balsnesrekkverket, om Holvikejekta-prosjektet sett frå museumsleiaren, arkitekten og fartøyversenteret.

Årets skribentar er Arne M. Sølvberg, Frederik Hope, Sverre Folkestad, Hedvig Ølmheim, Cecilie Rørstad, Karoline Husevåg, Karoline Stubberud Eide, Dag Inge Korstad, Judith Hegrenes, Kristian Solvang, Marie Nicolaisen, Fridjof Urdal, Anne Kristin Moe, Thor Inge Haltvik og Ola Sendstad.

Museumssøndag

Nytt høve til å ta eit museumsbesøk denne søndagen. Utstillingane Dyrebar og Attåt er opne, og det vil vere høve til å kjøpe gamle årgangar av juleheftet. Kanskje du manglar nokon i samlinga?

Kva er Jul i Nordfjord?

Jul i Nordfjord er eit julehefte, som vart første gong publisert i 1936, og har sidan den gong hatt ulike utgivarar. I 1936 var Erik Fønstelien Bokhandel i Måløy utgjevar (berre denne årgongen). I 1940–46 var Kolbein Sterke utgjevar, ved redaktør K. Sølvberg i Stryn. Deretter låg heftet nede ei tid før Firda Ungdomslag tok til å gje ut heftet i 1956. I 2004 – 16 var Nordfjord Folkemuseum og Nordfjord Sogelag som utgivarar med ei frittståande redaksjonsnemnd. Frå 2017 tok Nordfjord Folkemuseum over det redaksjonelle ansvaret.

Planlegg besøket ditt

Opningstider

31. august — 20. desember
Tysdag-Fredag: 11-16

Prisar

  • Vaksne: 120 kr
  • Born 0–17 år: 0 kr
  • Student/Honnør: 90 kr
  • Årskort MiSF: 390 kr

Her er vi

Nordfjord Folkemuseum
Gota 16
6823 Sandane