Nordfjord Folkemuseum Nordfjord Folkemuseum
Slakting av gris, Stryn 1905. Bildet viser to menn som skrapar bust av ein gris, med to barn som observerar.

Dyrebar - utstilling 2023

Tidspunkt til
Stad Nordfjord Folkemuseum

Har du tenkt over kor kjøtet du et kjem frå? Kva med kleda dine? Kva materiale består tinga dine av, og kven har laga dei?

Årets temporære utstilling på Nordfjord Folkemuseum er Dyrebar!

Skøytar laga av bein, kompress laga med grisebust og lykter laga med kumage. Dette er nokre av tinga du kan sjå i vår nye utstilling. 

nordfjord-folkemuseum/red.p1020945-1676371486.jpg
Besøkande på museumssøndag 12.februar. Foto: Trine Anette Fostervold / Nordfjord Folkemuseum

Utstillinga viser eit utval av måtane folk før i tida nytta seg av heile dyret. Både før og etter dyret blei avliva, ser vi ei haldning om at ingenting ikkje var godt for noko, og ingenting skulle kastast.

Frå dagens perspektiv kan ferdigheitene og kunnskapen folk brukte i kvardagen verke både kreative og oppfinnsame. Tinga dei lagde kan verke finurlege og til tider morbide. Men for dei var dette vanleg og naudsynt. I ei tid før pengeøkonomi, plastikk, elektrisitet og butikkar var den ressurssterke sjølvforsyninga nødvendig for å overleve. Det var ikkje noko alternativ.

nordfjord-folkemuseum/nfm.0000-03151.jpg
Kompress for å leggje på brokk. Laga av skinn og grisebust, frå Indre Davik, Bremanger. Dette er ein av gjenstandane du kan sjå i årets utstilling "Dyrebar". Foto: Nordfjord Folkemuseum

Planlegg besøket ditt

Opningstider

1. februar — 18. juni
Tysdag-fredag: kl. 11-16

Museet er stengt alle raude dagar i mai: 1.mai, 17.mai, 18.mai, 29.mai.

Prisar

  • Vaksne: 110 kr
  • Born 0–17 år: 0 kr
  • Student/Honnør: 80 kr
  • Årskort MiSF: 350 kr

Her er vi

Nordfjord Folkemuseum
Gota 16
6823 Sandane