På Nordfjord Folkemuseum kan du ta eit tilbakeblikk i julefeiringa i Nordfjord gjennom fire ulike tidsepokar. Vi har gjenskapt julekvelden i Sydneshuset anno 1960-talet, Morritstova anno tidleg 1900-tal, Sætastova anno 1700-talet og Otnheimstova slik den ville sett ut i mellomalderen.
Juletradisjonar i mellomalderen
Den eldste kjelda vi har som fortel om markering av jul, er eit kvad om Harald Hårfagre frå kring år 900. Diktet handlar om då Harald Hårfagre som låg ute over vinteren og drakk jul, før han kriga i Bohuslän.
Seremoniell drikking av øl var ei fast ordning i heidensk tid. Slik vi kjenner dei gamle blota, er det truleg at den store religiøse samankomsten var ved midtvinter. Dei første rituelle skålane var via til dei norrøne gudane. Det faste formularet til skålane var «til árs ok til friđar» - til grøde og fred.
Juletradisjonar på 1700-talet
Kosten på julebordet skulle vere rikeleg, av alle beste slag og i samsvar med tradisjonen. Tillaging av saueribbe (pinnekjøt) til jul kan dokumenterast tilbake til 1700-talet. Dette kjøtet vart lagt på eit nettverk av pinnar i ei jerngryte. Det var vanleg med eit fiske- eller grautmåltid tidelgare på dagen.
Julematen skulle skilje seg frå den daglege. I baksten viste det seg i bruken av fint mjøl, fløyte, rømme og etter kvart sukker. Lefser var ein hovudrett, og skulle lagast tett opp til helga.
Juledekorasjonar
Bordet som huslyden samla seg rundt på julekvelden var dekka med kvit duk, ein eller fleire stakar med tente talglys, ølbolle, koppar, matfat, borddiskar og eit smørkjerald midt på.
For å markere samhøyr og likeverd var alle samla kring same bord, vaksne og born, husbondfolk og tenestefolk. Det var vedteken bordskikk å innleie og avslutte måltidet med bordbøn. Den skulle lesast høgt av eit av borna eller husfaren sjølv, som også styrte songen av bordverset. Kvinnene bar fram maten, husfaren ønska velkomen til bords og let ølbollen gå rundt.
Alle førebuingane skulle vere ferdige til jula vart ringt inn. Mennene hogg ved til juledagane, og kvinnene stod for vask av huset og ei enkel julepynting, der ein strødde einer på golvet. Husbonden tok halm inn i stova og la den på golvet, der ein skulle sove saman denne natta. Sengene skulle dei underjordiske ha.
1800-talet
Året er 1900 og julefreden har senka seg i Moritsstova. På bordet er det dekka på med linduk, og servise i porselen. I lysestakane står det talglys, og i hjørnet av stova står juletreet.
Mattradisjonar
Lenge var det på våre kantar mest vanleg med sau- eller geitekjøt til jul. Då potetdyrkinga tok seg opp på 1800-talet, vart det vanleg å ha ein gris som ein slakta til jul. I same hundreår vart ris utbreidd i Noreg, og risengrynsgraut vart ein populær julerett.
Juletreets ankomst
På midten 1800-talet byrjar juletre å bli vanleg hos det norske borgarskapet, men først kring hundreårskiftet dukkar trea opp hos bønder og «vanlege folk». Dei fyrste juletrea på gardane i Nordfjord var gjerne furu, og pynta med etande pynt eller heimelaga papirpynt. Den etande juletrepynten var julekaker, kandissukker og eple.
Tradisjonen med juletrepynt av papir som lenker og fletta korger kjem frå Danmark på 1860-talet. Å pynte treet med flagg, kjenner ein frå mange land. I Noreg vart flagg ei politisk sak i åra før unionsoppløysinga i 1905, og både det reine norske flagget og unionsflagget («sildesalaten») vart brukt på juletre.
Tradisjonell julepynt
Med illustrerte magasin kom ark med julepynt ein kunne klippe ut og henge på treet. Glansbilde var også mykje brukt, åleine, eller som dekorasjon på pynt av vatt eller kreppapir.
Frå andre halvdel av 1800-talet vart Bethlehemstjerna vanleg som topp-pynt. Kring 1900 fekk mange norske juletre eit langt, skinande «kyrkjespir» av glas i toppen.
Frå 1880-talet måtte den heimelagde pynten dele plass med masseprodusert juletrepynt. Masseproduksjon av glaskuler og glitter fanst lenge berre på nokre få stadar i Tyskland og Frankrike. Derfrå vart pynten frakta til ulike land i Europa – også Noreg.
Jula i etterkrigstida
Etter 2.verdskrigen auka masseproduksjonen av juletrepynt, og pynten vart rimelegare. Englefigurar i kvit kartong, «istappar» i metall og sopp av pappmaché var i handelen. Men treet hadde fortsatt mykje heimelaga pynt, som farga papirlenke og fletta julekorger laga av borna i familien. Elektriske juletrelys kom på marknaden allereie før 1900, men i Norge var dei ikkje i allmenn bruk før på 1950-talet.
Medan jula tidlegare ikkje hadde vore knytt til ein spesiell farge, vart no raudt etablert som julefargen. Raude nissar, lys og dukar dominerte, med innslag av grønt og lilla.
Det kom adventsstjerner i vindauge og dukar med trykte julemotiv. Det blir vanleg å julepynte fleire rom enn stova. Julegardiner på kjøkenet, julehandklede på badet og juleoppsatsar ved inngangsdøra.
TV - eit samlepunkt for familien
Dei første regulære TV-sendingane i Noreg starta i 1960. TV-en førte med seg endring både i heimeinnreiing og sosialt liv, og fekk også følgjer for julefeiringa. Dei første julekveldane etter at TV-sendingane var i gong omfatta juleprogrammet gudstenester og julekonsertar, samt ein amerikansk opera, «Amahl».
I 1963 kom Erik Bye inn i dei tusen heimar. «Vi går om bord» frå Store Studio var sendt i radio sidan 1959, men kom no også på fjernsynsskjermen. Dette var det faste haldepunktet i NRK si julekveldssending fram til 1970. Då Sølvgutane song jula inn for første gong i 1969, var det starten på ein tradisjon som har halde seg i over 40 år.
Sjå meir av våre julepynta hus på årets siste museumssøndag 14. desember. Denne dagen blir det omvisning i juletradisjonane våre her i Nordfjord.