Velkommen til bladslepp av Jul i Nordfjord 2025!
Årets lansering vil foregå på Holvikejekta, som har vore ein raud tråd i fjorårets og årets utgåve av juleheftet. Bladsleppet startar kl. 13, og det blir foredrag med museumsleiar Anne Kristin Moe Fitje.
Det vil vere høve til å få kjøpt årets utgåve av Jul i Nordfjord, samt tidlegare utgåver av juleheftet.
Jul i Nordfjord er eit julehefte med kulturhistorisk og litterært stoff frå og om Nordfjord. Heftet blir gitt ut av Nordfjord Folkemuseum.
Du kan lese historier om skikkar, kultur, bygningar og kunsteriske uttrykk som har sett sitt preg på regionen.
Første utgåva vart gjett ut i 1936, og har hatt ulike utgjevarar sidan då. I 2017 tok Nordfjord Folkemuseum over det redaksjonelle ansvaret.
Mangfaldig innhald
I årets utgåve er det mange spennande artiklar og eit breitt spekter av historier.
Ove Eide har skrive om bildekunstnaren og forfattaren Øyvind Botn. Fredrik Hope skriv om folkemusikkinnsamling i Hyen, og Marie Nicolaisen har forska på stølsferd og jonsokbål. Kristian Solvang har skrive ein artikkel om stadnamn oppkalt etter farande folk, Ragni Engstrøm Nilsen har studert vevlingar og handleddsplagg frå Nordfjord, fyrvert Sølvi Helen Hopland tek deg med ein tur til Ulvesund fyr, og Javad Montazeri og Hedvig Ølmheim frå Fylkesarkivet i Vestland presenterar fototgrafbrødrene Anders og Johan Lotsberg.

Eigne forfattarar
Vi har som alltid artiklar frå museumslivet, og i år har museumspedagog Karoline Stubberud Eide skrive om julebukk-tradisjonen. Konservator Ingrid Berger har skrive ein artikkel om ein tidlegare eigar av ein gjenstand vi har utstilt i vår temporære utstilling Saman, og museumsleiar Anne Kristin Moe Fitje har skrive om ferdigstillinga av verne- og formidlingsbygget til Holvikejekta. Du får òg lese tingingsverka av Sigrid Moldestad, Ove Eide og Ottar Sande som vart framført på opninga 6. juni.

Utvandrarjubileum
I 2025 markerar vi at det er 200 år sidan den første organiserte utvandringa frå Noreg til Amerika, og dette markerar vi òg i juleheftet. Kari Standal Pavelich, operasjef ved Opera Nordfjord, fortel om forestillinga Soga om Sol - ei fortelling om utvandringa som skjedde på 1800-talet. Forestillinga vart første gong oppsett i 2023, og i 2025 tok dei med forestillinga på turné i Vestland.
Terje Mikael Hasle Jordanger, fagkoordinator for Crossing 200, fag- og forskningsdirektør på Anno Norsk utvandrarmuseum og Professor II i historie på Universitetet i Innlandet, har skrive om utvandringa frå Nordfjord.
Sallie Anna Steiner Pisera, museumsleiar på Sunnfjord Museum, har forska på folk som utvandra frå regionen vår, som resulterte i utstillinga Spelemenn og sognekjerringar - underhaldning i det norske Amerika som stod på Sunnfjord museum i år.
Årets framsidebilde er henta frå Stryn. Fotograf: Jens Knutsen Maurseth, 1910. Fylkesarkivet i Vestland.