Nordfjord Folkemuseum Nordfjord Folkemuseum
nordfjord-folkemuseum/red-p1010755.jpg.

Julekveld i Otnheim

Stad Nordfjord Folkemuseum

Julekvelden har komt til Otnheimsstova, ei stove frå br.nr. 1 på Otnheim i Selje i Stad kommune. Stova er bygd på 1500-talet, og er eit av dei eldste husa på museet. I denne stova fokuserar vi på julefeiringa i mellomalderen.

Juletradisjonar i mellomalderen

Den eldste kjelda vi har som fortel om markering av jul, er eit kvad om Harald Hårfagre frå kring år 900. Diktet handlar om då Harald Hårfagre som låg ute over vinteren og drakk jul, før han kriga i Bohuslän.

Seremoniell drikking av øl var ei fast ordning i heidensk tid. Slik vi kjenner dei gamle blota, er det truleg at den store religiøse samankomsten var ved midtvinter. Dei første rituelle skålane var via til dei norrøne gudane. Det faste formularet til skålane var «til árs ok til friđar» - til grøde og fred.

På midten av 900-talet fekk Håkon den Gode lovfesta at alle skulle halde jul på same tid som dei kristne – 25.desember. I Kristenretten står det at juleølet skal drikkast av bonden og bondekona julenatta «til takk frå Krist og Sankta Maria, til godt år og fred». Julehelga skulle holdast så lenge ølet varte.

Ein viktig del av førebuinga til den kristne jula, var fasta. I fasta kunne ein ete mjølk- og mjølmat. Fisk var også tillate. Julekvelden var overgangen frå faste til storhelg. Ein hadde difor to julekveldsmåltid. Det første måltidet var eit fastemåltid, gjerne samansett av graut eller grynsuppe og (lute-)fisk. Kjøtmåltidet kom på bordet fyrst kring midnatt.