Nordfjord Folkemuseum Nordfjord Folkemuseum
nordfjord-folkemuseum/saetastova-1668697390.jpg.

Julekveld i Sætastova

Tidspunkt til
Stad Nordfjord Folkemuseum

Julekvelden har senka seg i Sætastova frå Sæten i Loen, Stryn. Stova er bygd mellom 1600-1700, og brukt som stove til 1834.

Juletradisjonar på 1700-talet

Kosten på julebordet skulle vere rikeleg, av alle beste slag og i samsvar med tradisjonen. Tillaging av saueribbe (pinnekjøt) til jul kan dokumenterast tilbake til 1700-talet. Dette kjøtet vart lagt på eit nettverk av pinnar i ei jerngryte. Det var vanleg med eit fiske- eller grautmåltid tidelgare på dagen.

Julematen skulle skilje seg frå den daglege. I baksten viste det seg i bruken av fint mjøl, fløyte, rømme og etter kvart sukker. Lefser var ein hovudrett, og skulle lagast tett opp til helga.

nordfjord-folkemuseum/saeta-ute.jpg.
Sætastova i vinterdrakt.

Juledekorasjonar

Bordet som huslyden samla seg rundt på julekvelden var dekka med kvit duk, ein eller fleire stakar med tente talglys, ølbolle, koppar, matfat, borddiskar og eit smørkjerald midt på.

For å markere samhøyr og likeverd var alle samla kring same bord, vaksne og born, husbondfolk og tenestefolk. Det var vedteken bordskikk å innleie og avslutte måltidet med bordbøn. Den skulle lesast høgt av eit av borna eller husfaren sjølv, som også styrte songen av bordverset. Kvinnene bar fram maten, husfaren ønska velkomen til bords og let ølbollen gå rundt.

Alle førebuingane skulle vere ferdige til jula vart ringt inn. Mennene hogg ved til juledagane, og kvinnene stod for vask av huset og ei enkel julepynting, der ein strødde einer på golvet. Husbonden tok halm inn i stova og la den på golvet, der ein skulle sove saman denne natta. Sengene skulle dei underjordiske ha.