Nordfjord Folkemuseum Nordfjord Folkemuseum
nordfjord-folkemuseum/jul-i-sydnes.jpg.

Julekveld i Sydneshuset

Tidspunkt til
Stad Nordfjord Folkemuseum

Julekvelden har senka seg i 1960-talsleilegheita. På kjøkkenet ser vi spor etter julebaksten, julepynten er på plass, og i stova står juletreet med elektriske julelys. Treet er pynta med flagg og glitter, fabrikklaga pynt samt heimelaga lenker i glanspapir.

Jula i etterkrigstida

Etter 2.verdskrigen auka masseproduksjonen av juletrepynt, og pynten vart rimelegare. Englefigurar i kvit kartong, «istappar» i metall og sopp av pappmaché var i handelen. Men treet hadde fortsatt mykje heimelaga pynt, som farga papirlenke og fletta julekorger laga av borna i familien. Elektriske juletrelys kom på marknaden allereie før 1900, men i Norge var dei ikkje i allmenn bruk før på 1950-talet.

Medan jula tidlegare ikkje hadde vore knytt til ein spesiell farge, vart no raudt etablert som julefargen. Raude nissar, lys og dukar dominerte, med innslag av grønt og lilla.

Det kom adventsstjerner i vindauge og dukar med trykte julemotiv. Det blir vanleg å julepynte fleire rom enn stova. Julegardiner på kjøkenet, julehandklede på badet og juleoppsatsar ved inngangsdøra.

nordfjord-folkemuseum/juletre-sydnes-2.jpg.
I 1960 var grantreet eit populært juletre. No har elektriske lys tatt over for stearinlys, og i toppen har vi fått stjerne i staden for spir.

TV - eit samlepunkt for familien

Dei første regulære TV-sendingane i Noreg starta i 1960. TV-en førte med seg endring både i heimeinnreiing og sosialt liv, og fekk også følgjer for julefeiringa. Dei første julekveldane etter at TV-sendingane var i gong omfatta juleprogrammet gudstenester og julekonsertar, samt ein amerikansk opera, «Amahl».

I 1963 kom Erik Bye inn i dei tusen heimar. «Vi går om bord» frå Store Studio var sendt i radio sidan 1959, men kom no også på fjernsynsskjermen. Dette var det faste haldepunktet i NRK si julekveldssending fram til 1970. Då Sølvgutane song jula inn for første gong i 1969, var det starten på ein tradisjon som har halde seg i over 40 år.