Nordfjord Folkemuseum Nordfjord Folkemuseum
nordfjord-folkemuseum/julebord-rikmann-1668696017.jpg.

Juleutstilling

Tidspunkt til
Stad Nordfjord Folkemuseum

Årets juleutstilling handlar om tradisjonar knytt til jul. Vi har valgt å ha fokus på juledrikken, julematen og juletreet. Vi har også gjenskapt to historiske juletre etter skildringar frå 1800-talet - 14 år gamle Jakob på garden Djupedal i Selje sitt juletre frå 1879, samt Gustava Kielland si skildring frå 1840-talet.

Juledrikk

Frå år 900 kjenner vil til skikken med å markere jula ved å drikke øl. Ølet var i middelalderen og langt inn i moderne tid den mest vanlege drikka ved matbordet.

Tradisjonelt vart øl i Noreg laga av bygg eller havre. Ein spira kornet og tørka det, og fekk malt. Maltet vart knust, blanda med vatn, og varma opp for å gjere stivelsen om til sukker. Etter at kornet var silt bort, sat ein igjen med vørter. Til slutt skulle vørteren gjærast slik at sukker blei omgjort til kolsyre og alkohol. For å gje smak kunne ein tilsette bark, men frå 1100-talet blei det vanleg å bruke humle for å gje ølet ein bitter smak.

I 1857 ble renhetsloven vedtatt. Den bygde på den tyske Reinheitsgebot frå 1516, som slo fast at øl skulle lagast av malt, humle, vatn og gjær, og ingen andre ingrediensar. Den blei først oppheva i 1994.

Julemat

Bordet som huslyden samla seg rundt på den heilage julekvelden var i det gamle bondesamfunnet dekka med kvit duk, ein eller fleire stakar med tente talglys, ølbolle, koppar, matfat, tretallerkar (borddiskar) og eit smørkjerald midt på.

I det førindustrielle bondesamfunnet var graut eten heile året, kokt på bygg, havre eller rug og vatn. Til fest og høgtid måtte grauten kokast på søt mjølk.

På 1800-talet veit vi at det vart koka risgraut hjå borgarskapet i byane. Peter Christen Asbjørnsen hadde ei oppskrift på risgraut i kokeboka si frå 1864. Men først mot slutten av 1800-talet var ris blitt såpass rimeleg at den vart alminneleg festmat til jul.

Det er ein markant forskjell mellom juleribbe på Austlandet og på Vestlandet. På Austlandet var det ribbe eller steik av gris. Den vestlandske, som også vert kalla pinnekjøt eller pinnesteik, var av sau. Den vart eten frå Vest-Agder og nordover til Møre og Romsdal. I Trøndelag dukkar svineribba opp igjen, men nordover er det berre sporadisk at den står på menyen. I Nord- Noreg var det sau eller fisk, men ikkje så tradisjonsfast som på Vestlandet.

Juletre

Juletreet har sitt opphav i Sør-Tyskland og Sveits. Frå seinmiddelalderen vart det sett opp tre i og utanfor laugshallane til handverkarane. Trea vart pynta med kaker, tørka frukt, eple og nøtter som borna fekk hauste trettande dag jul.

Med reformasjonen – den religiøse omveltinga frå katolisisme til protestantisme på 1500-talet - vart grunnlaget lagt for den juletreskikken vi kjenner i dag. Protestantane ville gjere julefeiringa til ein fest i heimen, og der fekk juletreet ei sentral rolle for den kristne bodskapen. Samstundes vart gåveutdelinga flytt frå Sankt Nikolaus dag, 6. desember til Jesu fødselsdag, 25. desember.

På 1700-talet vart treet flytta inn i stovene til den europeiske overklassa. Trea vart pynta med lys, og pynten fekk ein kristen symbolikk. Til Noreg som juletreskikken via Danmark. Det første norske juletreet vi kjenner til vart pynta i Kristiania (Oslo) i 1820-åra. På midten 1800-talet byrjar juletre å bli vanleg hos det norske borgarskapet.

Juletrefestar i skulen fekk mykje å seie for spreiinga av juletreet frå 1880-åra enkelte delar av landet. Andre stadar var det juletre i private heimar før skulen på plassen byrja å arrangere juletrefestar. Det var først godt utpå 1900-talet at juletreet var i allmenn bruk over heile landet. Først kring 1930 kan ein seie at «alle» hadde juletre.