Nordfjord Folkemuseum Nordfjord Folkemuseum
nordfjord-folkemuseum/skjermbilde-2026-05-26-144337.jpg.

Kunstutstilling - 50 år med leire, eld og vatn

Tidspunkt til
Stad Nordfjord Folkemuseum

I 2026 feirar keramikar Aase Skrivervik 50 år som kunstnar med ei utstilling på Nordfjord Folkemuseum i sommarsesongen. Utstillinga opnar 19. juni kl. 18, og står ut august.

nordfjord-folkemuseum/bilde_20100829_3.jpg.

Aase Skrivervik si sterke interesse og engasjement for dyrevern og norsk historie er naturlege tema i arbeida hennar. Frå vår rike historie hentar ho inspirasjon, utan å kopiere direkte frå andre. Men kanskje folk kan kjenne igjen noko nordisk, også frå dei fantasifulle eventyra våre? Skrivervik er opptatt av balansen mellom menneske og dyr, og ønsker meir fokus på dyr og natur. Dette er ofte tema i hennar keramikkarbeider,  og ho prøvar å lage spannande, fantasifulle former.

I utstillinga viser vi fram eit utvalg av kunsten hennar, både utsmykking og brukskunst, og fleire gjenstandar er til salgs i løpet av sommaren.

Planlegg besøket ditt

Opningstider

1. februar — 22. juni
Tysdag-fredag kl. 12-16

Prisar

  • Vaksne: 140 kr
  • Born 0–17 år: 0 kr
  • Student/Honnør: 110 kr
  • Årskort MiSF: 475 kr

Her er vi

Nordfjord Folkemuseum
Gota 16
6823 Sandane