Nordfjord Folkemuseum Nordfjord Folkemuseum
nordfjord-folkemuseum/redusert-til-nettside-annette-langedal-holme-msf-02495.jpg.

Museumssøndag: Den første jordmortenesta i Nordfjord

Tidspunkt -
Stad Nordfjord Folkemuseum

Søndag 15. mars inviterar vi til museumssøndag på Nordfjord Folkemuseum.

Visste du at den første jordmorundervisninga i Noreg starta i 1815 i Kristiania, og i 1818 fekk landet eiga jordmorutdanning ved fødselsstiftelsen i Kristiania? Og før den tid kunne norske kvinner reise til Danmark for å få opplæring i jordmorkunsten? Men korleis stod det til i Nordfjord?

Kvifor ville alle gravide ha med seg ein bjørnelabb under fødselen? Kva hadde dei til å hjelpe seg med før sjukehus, lystgass og epidural? 

nordfjord-folkemuseum/img_0732--kopi.jpg.
Foto: Bjørnelabb frå De Heiberske Samlinger.

Her vert det bjørnlabbar, pionerkvinner, profesjonalisering av fødselshjelparar og vi har sjølvsagt leita fram nokre driftige damer og gode historier frå nokre av jordmødrene våre i Nordfjord.

Vi får besøk av Annette Langedal Holme som har forska på jordmortenesta i Nordfjord.

Foredraget startar kl. 13.00.

Kafé og utstillingar ope fram til kl. 15.00.

Planlegg besøket ditt

Opningstider

1. februar — 22. juni
Tysdag-fredag kl. 12-16

Prisar

  • Vaksne: 140 kr
  • Born 0–17 år: 0 kr
  • Student/Honnør: 110 kr
  • Årskort MiSF: 475 kr

Her er vi

Nordfjord Folkemuseum
Gota 16
6823 Sandane