Nordfjord Folkemuseum Nordfjord Folkemuseum
nordfjord-folkemuseum/anne-britt-lotsberg,-henta-fra-norges-huslidslag.jpg.

Museumssøndag - Husflid og Anne Britt Lotsberg

Tidspunkt -
Stad Nordfjord Folkemuseum

Velkommen til vårens siste museumssøndag! I tradisjon tru har vi husflidstema på museumssøndagen i mai, og i år er temaet veving. Vi får besøk av Anne Britt Lotsberg med foredrag om hennar liv i veven. Foredraget startar kl. 13.00.

Frå kl. 11.00 er det oppsett av vev i Morritsstova saman med museumspedagog Karoline Stubberud Eide og Gloppen Husflidslag.

Kafeen og utstillingane held ope fram til kl. 15.00.

nordfjord-folkemuseum/prosjekt-raudelista-smettvev-5.jpg.
Åkler vevd i smettvevsteknikk. Vevd i svart, kvitt og grå-tonar for å få eit litt anna type uttrykk enn dei tradisjonelle åkla. Vevd av Anne Britt Lotsberg. Bildet var på trykk i Raudelista - handverksteknikkar publisert av Sogn og Fjordane Husflidslag i 2015.

Anne Britt Lotsberg

Anne Britt Lotsberg har heile sitt liv vore oppteken av veving. Ho var sju år fyrste gongen ho teikna sitt eige mønster heime i Fjærland og har samla inn gamle mønster derifrå. Ho har representert vevarar på slottet og kopiert vevnadane på Gamlehaugen i Bergen. Lotsberg bur på Lote i Stad kommune, og eig og driv Lotsberg Veveatelier i Nordfjord.

nordfjord-folkemuseum/prosjekt-raudelista-smettvev-1.jpg.
Smettvevsteknikk er ein gamal vevteknikk, som held på å verte borte ettersom det er få som praktiserer den no. I Fjærland i Sogn, bygda Anne Britt Lotsberg er i frå, var tradisjonen sterk, og Lotsberg er ein av få som held tradisjonen oppe. Bildet er henta frå heftet Raudelista - Handverksteknikkar, som Sogn og Fjordane Husflidslag gav ut i 2015.

Bildet øverst på sida er henta frå magasinet Husflid, nr. 1 i 2025, som vert gjett ut av Norges Husflidslag. Foto: Louisa Bond, Norges Husflidslag.

Planlegg besøket ditt

Opningstider

1. februar — 22. juni
Tysdag-fredag kl. 12-16

Prisar

  • Vaksne: 140 kr
  • Born 0–17 år: 0 kr
  • Student/Honnør: 110 kr
  • Årskort MiSF: 475 kr

Her er vi

Nordfjord Folkemuseum
Gota 16
6823 Sandane