Nordfjord Folkemuseum Nordfjord Folkemuseum
nordfjord-folkemuseum/nettside.jpg.

Museumssøndag: Reiseliv

Tidspunkt -
Stad Nordfjord Folkemuseum

Velkommen til museumssøndag 7. april!

Denne dagen er det reiseliv som er temaet, og vi får besøk av Mary Ann Menes frå Norsk Reiselivsmuseum i Balestrand.

Museet held ope frå kl. 11-15 denne søndagen.

Program:

- Kl. 12: Foredrag med Mary Ann Menes, Norsk Reiselivsmuseum

- Kl. 14: Omvising i utstillinga Attåt med Anne Kristin Moe, Nordfjord Folkemuseum

Mary Ann Menes er til dagleg museumspedagog på Norsk Reiselivsmuseum i Balestrand, og vil halde eit foredrag om turisme og reiseliv:

Turistane var kjøpekraftige, dei var eventyrlysne og dei var svoltne. Dette kom initiativrike bygdefolk og bønder til gode.

Mary Ann Menes, Norsk Reiselivsmuseum.
Mary Ann Menes, museumspedagog på Norsk Reiselivsmuseum i Balestrand.

Lange tradisjonar

Denne dagen er det òg omvising i utstillinga Attåt saman med museumsleiar ved Nordfjord Folkemuseum, Anne Kristin Moe.

Utstillinga handlar om mange av dei ulike attåtnæringane vi har hatt i regionen vår, og reiseliv og turisme har vore ei viktig attåtnæring her i Nordfjord. Tenestene kunne vere for både bygdefolk og besøkande.

Allereie tidleg på 1800-talet kom det utanlandske turistar til Noreg, mange av dei frå engelsk og tysk overklasse. Dei var avhengige av å leige hest- eller båtskyss, og dei trengde kost og losji. Med aktivitetar som laksefiske, tindeklatring og brevandringar, kom det også eit behov for kjentmenn og førarar.

Turistar var avhengige av eit skyss-system organisert av lokale bønder. Sjøvegen var skyssen robåtar, medan sambandet på land var basert på å leige hesteskyss frå skysskifte til skysskifte. Frå 1890-åra organiserte mange bønder seg i skysslag.

 

Kafeen held ope heile dagen, og i museumsbutikken er det gode tilbod på lokalhistorisk litteratur.

Planlegg besøket ditt

Opningstider

17. juni — 31. august
Opningstider: måndag-søndag: kl. 11-17

Prisar

  • Vaksne: 120 kr
  • Born 0–17 år: 0 kr
  • Student/Honnør: 90 kr
  • Årskort MiSF: 390 kr

Her er vi

Nordfjord Folkemuseum
Gota 16
6823 Sandane