Nordfjord Folkemuseum Nordfjord Folkemuseum
nordfjord-folkemuseum/nfm.2009-00061.jpg.

Museumssøndag - Søvnens tekstilar

Tidspunkt -
Stad Nordfjord Folkemuseum

Velkomne til museumssøndag! Denne dagen får vi besøk av forfattar og kulturhistorikar Bjørn Sverre Hol Haugen. Foredraget startar kl. 13, og museet held ope frå kl. 12-15 med utstillingar og kafé.

Sidan søvn er biologisk nødvendig, er det lett å tenke seg at ein opp gjennom historia har sove på same måte som vi gjer i dag. Men ser vi tilbake på søvnen si kulturhistorie, får vi eit langt meir nyansert bilde av korleis det biologiske behovet for søvn har vore tilpassa ulike tider og ulike samanhengar.

nordfjord-folkemuseum/bshh-foto.jpg.
Bjørn Sverre Hol Haugen (f. 1972) er utdanna kulturhistorikar frå Universitetet i Oslo. Han er i dag tilsett som førstekonservator ved Norsk Folkemuseum og førsteamanuensis II i kulturhistorie/museologi og kulturarvstudier ved Universitetet i Oslo. I 2006 var han redaktør og hovudforfattar for Norsk bunadleksikon. I tillegg har han publisert diverse artiklar om drakt, museum og svevn.

Bjørn Sverre Hol Haugen har skrive boka «Søvn – ei kulturhistorie» (2022), der han tek oss med attende til 1700-talet, både til bygd og til by, og sjå kor ulikt søvnen har arta seg. Korleis vi opp gjennom tidene sov på veggfaste benker i dei gamle årestovene, i slagbenkar på kjøkenet, i fjøshalmen og dei heldige få i store himmelsenger – både naken og påkledd.

I foredraget på Nordfjord Folkemuseum vil han fokusere på tekstilane som har vore knytt til søvn, både på kropp og i hus.

Sollys i kammerset i Moritsstova.
I friluftsmuseet finn ein mange tekstil i bruk, slik som i kårrommet i Morritsstova frå 1861.

I anledning foredraget kjem museet til å vise fram åkler og ryer frå samlinga til Nordfjord Folkemuseum som ikkje er utstilt i våre utstillingar.

Vel møtt!