Nordfjord Folkemuseum Nordfjord Folkemuseum
nordfjord-folkemuseum/redusert-steinkrossen-i-kvernsteinsparken_msf_04754.jpg.

Museumssøndag: Steinkrossar

Tidspunkt -
Stad Nordfjord Folkemuseum

Steinkrossar frå Hyllestad

- symboltunge kulturskattar i Sogn og Fjordane

Du har kanskje høyrd om kvernstein frå Hyllestad, men kjenner du til steinkrossane frå kvernsteinsbrota der? Over halvparten av dei kjende steinkrossane som har pryda vestlandskysten i kring 1000 år kjem frå Hyllestad. Vi finn fleire av dei i Sogn og Fjordane, både små og store, frå Ytre Sogn og Sunnfjord til Indre Nordfjord.

Men kva veit vi eigentleg om krossane? Kven sette dei opp, og kvifor? Kor gamle er dei?

Museumsleiar i Kvernsteinsparken, kunsthistorikar Alexander Asphaug Rauboti, gjestar Nordfjord Folkemuseum søndag 15. februar kl. 13. Kafeen held ope heile dagen.

Velkomen til føredrag om glimrande steinkrossar frå Hyllestad!