Påske på museet
I tradisjon tru inviterar vi til påskeaktivitetar på Sandane i påskeferien! Vi held ope måndag 30. mars til onsdag 1. april, kl. 11-15, på både Holvikejekta og på Nordfjord Folkemuseum.
På Folkemuseet blir det stasjonar der du kan lage deg påskepynt, utstillingane Saman og Attåt er ope, og i kafeen finn du mykje godt. Ute i friluftsmuseet har det skjedd eit ekte påskemysterium! Klarar du å løyse årets krim?
Holvikejekta held ope i påskeferien, så nytt høve til å lære litt om jektefart og båtbyggartradisjonane vi har i Nordfjord. Det er fellesbillett på Nordfjord Folkemuseum og Holvikejekta, så her får du to museum til prisen av ett!
Postveska som forsvann
I årets påskekrim lurer vi på kva som har skjedd med postveska til postmann Olav.
På ei heilt vanleg postrute i bygda, medan han delte ut påskebrev, forsvann veska sporlaust. Berre nokre få stopp før han var ferdig, tok Olav ei pause. Han gjekk ned til elva for å sløkkje tørsten. For å halde posten tørr, la han veska frå seg på ein stein.
Men då han kom tilbake til steinen, var veska borte!
Kven kan ha teke veska og kvifor? Var det nokon som trudde den skjulte store verdiar? Nokon som ville stanse eit brev frå å nå fram? Eller ein nysgjerrig sjel som ikkje klarte å la vere?
Vi treng no hjelp av flinke detektivar som kan hjelpe museet og Olav med å finne att veska. Ved å undersøke ruta til postmannen, snakke med folk han møtte og leite etter spor, skal detektivane prøve å løyse gåta.
Påskekrimmen går føre seg ute i friluftsmuseet, men startar inne i resepsjonen der ein får utdelt eit kart og oversikt over karakterane i årets krim.
Årets påskekrim "Postveska som forsvann" er skriven og illustrert av museumspedagog Karoline Stubberud Eide.