Saman
Årets temporære utstilling er «Saman». Til alle tider har vi budd og levd saman på ein eller annan måte. Historisk har formålet med samlivet vore forskjellig. Det har også alltid funnest folk som levde på andre måtar enn fleirtalet, og synet på dei har variert oppgjennom tidene. I utstillinga tar vi føre oss det eldre bondesamfunnet, arbeidsfellesskap, kjernefamilien og til det moderne samfunnet, og viser dette gjennom bruk av gjenstandar og historiske fotografi.
I det eldre bondesamfunnet var dei einskilde hushalda produksjonseiningar som bestod av bonden, bondekona, barna, kårfolk og tenestefolk, som alle hadde sine oppgåver. På 1800-talet vart kjernefamilien, som bestod av foreldre og barn, eit nytt ideal. Familien vart meir ei konsumeining enn ei produksjonseining, og det var ikkje arbeidsfellesskapet, men følelsane som knytte familiemedlemmane saman.
På byrjinga av 1900-talet slo det nye familiesynet også rot i bondesamfunnet og arbeidarklassen. Kvinnefellesskapet og mannsfellesskapet vart i stor grad erstatta av par-fellesskapet. I vår tid er vi også opptekne av at følelsar skal styre korleis vi vel å leve liva våre. Familiane er meir samansette igjen, samstundes som om lag 40 prosent av hushalda i Noreg består av éin person.
Nordfjord Folkemuseum opnar ei temporær utstilling i året - i år viser vi "Saman". Utstillinga opna 9. februar og står til desember 2025. Utstillinga er forfatta av museumsleiar Anne Kristin Moe.
Målet med våre temporære utstillingar er å få vist fram nye gjenstandar frå museet si rike samling, og i årets utstilling viser vi fram omlag 200 unike gjenstandar frå samlinga.