Nordfjord Folkemuseum Nordfjord Folkemuseum
Vaksinasjon

Sjukdommane som endra historia - Utstilling

Tidspunkt til
Stad Nordfjord Folkemuseum

Våren 2020 endra verda seg då ein usynleg organisme sette oss ut av spel. Pandemien var - og er - ei ny oppleving for mange av oss, men historisk er det langt frå fyrste gongen ein sjukdom har fått så store konsekvensar for samfunnet.

Pest, kolera og korona

Tema for årets utstilling på Nordfjord Folkemuseum er sjukdommane som endra historia. Her får ein lære om sjukdommar som pest, koppar, lepra, kolera, spanskesjuka og tuberkulose.

I utstillinga får du sjå nokre av tidlegare tiders sjukdom og epidemiar, og korleis desse endra verda vi lever i.

Sjølv om desse sjukdommane er utrydda i Noreg, finst dei framleis mange andre stader. På verdsbasis er det omtrent 1000 tilfelle av pest i året, og koppar vart utrydda så seint som i 1980. Den siste som hadde vore smitta av lepra i Noreg døydde i 2002, men kvart år vert det meldt om fleire titusen tilfelle rundt om i verda.

Gamle tiltak på nytt

Nokre av dei historiske sjukdommane har ført til tiltak som vi ser igjen i dagens smittesituasjon.

Karantene som praksis for å avgrense spreiing av sjukdom kan vi spore attende til svartedauden. Ideen om karantene stammar frå Venezia på 1300-talet. Derfrå spreidde ideen seg til andre hamnebyar i Europa. Ved å halde skip, mannskap og varer i isolasjon, var håpet å hindre smitte. Liggetida var sett til 40 dagar, «quaraintaine».

Den fyrste vaksina, var mot kopper og vart utvikla i 1796, etter at ein britisk landsbylege observerte at budeier ofte fekk kukoppar, men ikkje sjukdommen koppar. I Noreg vart den fyrste koppevaksina sett i 1801, og i 1810 vart koppevaksinering obligatorisk. Utan vaksinasjonsattest kunne du verken bli konfirmert eller gift.

Bruk av munnbind utanfor sjukehus starta under utbrotet av spanskesjuka kring 1920. Rett maskebruk vart formidla i aviser og kvinner vart engasjert i produksjonen på frivillig basis.

Historiske gjenstandar

I utstillinga på Nordfjord Folkemuseum kan ein sjå koppeattestane til Rasmus Andreas Torsheim frå Breim og Ivar Pedersen frå Tisthammer, begge 1 år gamle.

Lenge var religiøse symbol det beste ein hadde for å verne seg mot sjukdom. I utstillinga får publikum sjå fleire gjenstandar som er dekorert med kors.

Uttømming av blod, årelating, var ei sjukdomsbehandling som vart brukt i  mellomalderen, til langt opp mot våre dagar, mot veldig forskjellige sjukdomar. Metoden var knytt til ei medisinsk lære frå antikken som gjekk ut på at væskene i kroppen skulle vere i likevekt.

Då ein oppdaga bakteriane vitskapleg på 1800-talet, endra det både sjukdomsforståing og behandling. I utstillinga viser ei rekkje historiske fotografi både pasientar og behandlingsformer tidleg på 1900-talet. Museet stiller også ut ein del medisinsk utstyr etter overlege Hans Christian Wennevold på Eid og tuberkulosespesialist Olaf M. Andenæs på Sandane og Stryn. Frå kommunehelsetenesta i Gloppen har museet fått moderne verneutstyr og testar som vert brukt i dag.