Nordfjord Folkemuseum Nordfjord Folkemuseum
nordfjord-folkemuseum/heggdalsloftet-msf-01047-foto_henning_a.__hellebust.JPG.

Vinterferiedagar

Tidspunkt til
Stad Nordfjord Folkemuseum

Det nærmar seg vinterferie, og Nordfjord Folkemuseum inviterar til feriedagar! Vi utvidar opningstidene og held ope frå søndag 18. februar til fredag 23. februar kl. 11-16.

Vi legg til rette for ein kosleg dag med aktivitetar som passar både store og små.

Program for dagen

- Familieomvisning i utstillinga Dyrebar kl. 13

- Aktivitetsstasjonar kl. 11-16

Tre guttar som ser på ein utstoppa jerv i utstilling.
I utstillinga Dyrebar kan du møte den kjente jerven Trefotingen, som levde i fjella i Breim i Gloppen.

I aktivitetsstasjonen kan du få prøve deg på karding og spinning med ull, hosebandfletting, nålefilting og tradisjonshandverket hakking som er ein gammal hekleteknikk.

Det blir også ein museumsquiz for store og små, der vi trekk ein vinnar siste dagen i ferien.

Kafeen og museumsbutikken held ope alle dagar.

Planlegg besøket ditt

Billettar og opningstider

Opningstider

17. juni — 31. august
Opningstider: måndag-søndag: kl. 11-17

Prisar

  • Vaksne: 120 kr
  • Born 0–17 år: 0 kr
  • Student/Honnør: 90 kr
  • Årskort MiSF: 390 kr

Her er vi

Nordfjord Folkemuseum
Gota 16
6823 Sandane