Nordfjord Folkemuseum Nordfjord Folkemuseum
nordfjord-folkemuseum/heggdalsloftet-msf-01047-foto_henning_a.__hellebust.JPG.

Vinterferiedagar på museet

Tidspunkt til
Stad Nordfjord Folkemuseum

Velkomne til vinterferiedagar på Nordfjord Folkemuseum!

I anledning vinterferien utvidar vi opningstidene våre i veke 8, og held ope kl. 11-16 måndag 17. til fredag 21. februar.

Søndag 9. februar opna vi ei ny utstilling her på museet - "Saman" - og i vinterferien kan du bli med på omvisning i utstillinga med museumspedagog Karoline S. Eide. Omvisninga er kl. 13 kvar dag.

I kafeen er det rigga aktivitetsbord for born, der ein kan få prøve seg på ulike medium som ull, fargeblyantar og tekstil.

Program

- Omvising i vår nye utstilling "Saman" med museumspedagog Karoline S. Eide kl. 13

- Aktivitetsstasjonar for born i kafeen

- Attåt, museumsbutikk og kafé ope heile dagen

Saman

Årets temporære utstilling er «Saman». Til alle tider har vi budd og levd saman på ein eller annan måte. Historisk har formålet med samlivet vore forskjellig. Det har også alltid funnest folk som levde på andre måtar enn fleirtalet, og synet på dei har variert oppgjennom tidene. I utstillinga tar vi føre oss det eldre bondesamfunnet, arbeidsfellesskap, kjernefamilien og til det moderne samfunnet, og viser dette gjennom bruk av gjenstandar og historiske fotografi.

I det eldre bondesamfunnet var dei einskilde hushalda produksjonseiningar som bestod av bonden, bondekona, barna, kårfolk og tenestefolk, som alle hadde sine oppgåver. På 1800-talet vart kjernefamilien, som bestod av foreldre og barn, eit nytt ideal. Familien vart meir ei konsumeining enn ei produksjonseining, og det var ikkje arbeidsfellesskapet, men følelsane som knytte familiemedlemmane saman.

På byrjinga av 1900-talet slo det nye familiesynet også rot i bondesamfunnet og arbeidarklassen. Kvinnefellesskapet og mannsfellesskapet vart i stor grad erstatta av par-fellesskapet. I vår tid er vi også opptekne av at følelsar skal styre korleis vi vel å leve liva våre. Familiane er meir samansette igjen, samstundes som om lag 40 prosent av hushalda i Noreg består av éin person.

nordfjord-folkemuseum/brudestol.jpg.
I utstillinga kan du sjå blant anna denne brurestolen frå Bremanger frå museet sine samlingar. Den siste som vart pynta til brur i denne stolen var bestemor til gjevar. Foto: Nordfjord Folkemuseum.

Museumsbutikken og kafeen er ope alle dagar. Velkommen til oss!

Planlegg besøket ditt

Opningstider

3. februar — 15. juni
Tysdag-fredag: kl. 11-16

Prisar

  • Vaksne: 130 kr
  • Born 0–17 år: 0 kr
  • Student/Honnør: 100 kr
  • Årskort MiSF: 430 kr

Her er vi

Nordfjord Folkemuseum
Gota 16
6823 Sandane