Norsk Reiselivsmuseum Norsk Reiselivsmuseum
norsk-reiselivsmuseum/DANS-OMBORD-14760918--Foto_Wilhelm_Dreesen-1654603949.jpg.

Discovering Dreesen - fotograf, globetrottar, påverkar

Tidspunkt til

Under rydding i arkiva ved Museumsberg Flensburg i Tyskland, fann dei ei mengde gamle glasnegativar etter fotografen Wilhelm Anton Georg Dreesen (1840-1926).

norsk-reiselivsmuseum/dreesen-39_norwegen-2frauendigermulen.jpg.
To kvinner står barføtt i sanden. Skipet ankra opp ved Digermulen.

Det synte seg at Dreesen hadde vore ein erfaren og dyktig portrettfotograf, og som tidleg gjorde seg nytte av nyutvikla transportable kamera med kortare eksponeringstid. Denne uredde bruken av ny teknologi vart døropnar for Dreesen si karriere som ein av verdas fyrste reklamefotografar. Han fekk avtale med HAPAG, eit reiarlag med base i Hamburg, og fekk fylgje skipa gratis mot å fotografere destinasjonar rundt omkring i verda.

Mange av bileta var tekne i Noreg og på Svalbard, og det vart difor inngått samarbeid med Norsk Reiselivsmuseum om å skipe denne utstillinga.

norsk-reiselivsmuseum/0832aadf839aa1a4f9efd8c65fb2b618.jpg.
Portrett av Wilhelm Dreesen

Staben ved Museumsberg Flensburg har gjort ein framifrå jobb med å rekonstruere og overføre bileta frå glasnegativar til papir. Utstillinga viser utdrag frå Dreesen si lange karriere - som portrett tekne i studioet, bilete frå industriområde og gatemiljø, frå kvalfangst, landskap og lokalsamfunn i aust og nord - alle frå førre hundreårsskifte.

Les meir og sjå fleire bilete på nettsida Discovering Dreesen