Norsk Reiselivsmuseum Norsk Reiselivsmuseum
Lita raudmalt hytte på fjellet.

Hytta - fire veggar rundt ein draum

Noreg er eit hytteland der nesten annankvar innbyggjar har tilgang til minst ei hytte. Her får ofte storfamilien ein samlingsplass knytt til familieband og minner. Men kva skjer når eigaren dør eller vil selja? Utstillinga rører ved kjensler som glede, sorg, kjærleik, sinne og vemod.

Kort fortalt og spesifikt, handlar hytteutstillinga om samvær, å være familie saman og aleine, samt skilnaden på hytte og heime. Dei gode barndomsminna er frå feriane på hytta, der var familien samla.

Mann leser i bok inne i gammal hytte.
Biletet er henta frå utstillinga. Fotograf er Haakon Harris / Norsk Folkemuseum.

Tema utstillinga tek opp

  • Hytta blir samlingsplass for gamle møblar og ting – eit «familie-historisk museum».

  • Arbeid og ferdigheiter. Om å passe inn i svigerfamilien og kunne bidra med reparasjon og på dugnader. «Er du skikka til å yte sin del av fellesansvaret?»

  • Den vanskelege arveproblematikken kan ligge i underbevisstheita. Tanken om at hytter er noko som er forgjengeleg, noko som går tapt - kanskje det siste bandet til garden familien ætta frå – kan ligge som ei bør på familiemedlemane.

Kjenner du deg att i nokre av desse hytteinnreiingane, eller i dei gode minna, fylte med glede og leik?

Vandreutstilling

Hytteutstillinga – fire veggar rundt ein draum

Ei vandreutstilling frå Universitetet i Oslo. Den spring ut av forskingsprosjektet "Materialiseringer av slektskap", der temaet er slektskap og familierelasjoner i norske hytteliv. Utstillinga vert ståande hjå Norsk Reiselivsmuseum ut september 2025.

Mann med ryddesag slår graset utanfor ei hytte.
Biletet er henta frå utstillinga. Fotograf er Haakon Harris / Norsk Folkemuseum.
Beilete på ein vegg.
Slik kan du oppleve hytteutstillinga. Foto Silje Forbes.