Norsk Reiselivsmuseum Norsk Reiselivsmuseum
norsk-reiselivsmuseum/Norsk-Reiselivsmuseum-i-vevstolen-MSF-00755.JPG.

Kulturarv som suvenir

Stad Bom Bom

Utstillinga syner korleis framsynte kvinner gjorde seg nytte av tidleg turisme til attåtnæring. Turistar frå heile verda kom til små bygder. Dei var kjøpesterke og kjøpevillige.

Nokre vestlandsbygder vart kjende for stor satsing innan åklevev. Ved Hotel Mundal i Fjærland kunne dei tilby jenter arbeid heile året, hotelldrifta om somrane og veving om vinteren. Arbeida vart selde til turistar eller eksporterte til mange land, nokre vart sende heile vegen til USA.

norsk-reiselivsmuseum/Norsk-Reiselivsmuseum-akle-med-lilje-MSF-00766--Foto_Wilhelm_Dreesen.jpg.
Åkle med lilje. Foto: Lars Asle Vold

Åklevev er vove på oppstadvev, der renningstrådane står loddrett som på ein biletvev. Variasjonen i mønstra var ofte personlege variasjonar av 5 faste symbol. Kvar og ein teikna sine mønster på rutepapir, og sidan yngre generasjonar er ukjende med verdi og bruk, var dette materialet i ferd med å gå tapt. Ved museet har entusiastiske frivillige samla og registrert lokale mønster som døme på tidlege suvenirar.

Utstillinga syner bilete av både gamle handkolorerte rutemønster, av utsnitt av ferdige produkt og av kvinner ved veven. I den vesle bygda, Balestrand (som i dag har kring 800 innbyggjarar i sentrum) reknar ein med at det var over 30 vevstover i mellomkrigstida - ein enorm entusiasme!

norsk-reiselivsmuseum/Norsk-Reiselivsmuseum-varemesse-MSF-00754.jpg.
Varemessa i Sogn, 1926. Fotoeigar: A. Feten.