I stallen i det gamle ekspedisjonsbygget på kaien finn de utstillinga «Livet på kaien».
Me fokuserer på korleis kaien vart ein viktig møtestad etter at dampbåten byrja gå i fast rute. Båten knytte bygder saman med byar og den store verda. Her møtte dei lokale opp for å ta imot varer og gjester. Her møtte bygda dei reisande med sine fargar og kulturar, og dei reisande møtte bygda.
Turistane var kjøpekraftige og dei lokale var handlekraftige. Rundt kaien dukka nye næringar opp i tråd med gjestene sine behov.
Denne utstillinga dreier seg spesifikt om Balestrand, men forteljinga har parallellar til alle småstader langs vår lange kyst.
Båttrafikken har i løpet av dei rundt 170 åra gjennomgått ei rivande utvikling. Båtturen mellom Bergen og Balestrand har gått frå 21 timar til 4,5 timar!