De Heibergske Samlinger De Heibergske Samlinger
de-heibergske-samlinger/slattedag-2024-msf-05402.jpg.

Frå furuskog til artsrik eng

Kva har eit folkemuseum med naturkrisa å gjere ? På De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum er arbeidet med dei artsrike slåtteengene ei slik kopling. Gjennom skjøtsel og tradisjonelle arbeidsmetodar tek museet vare på både kulturarv og naturmangfald – og viser korleis gamle driftsmåtar kan bidra til å sikre leveområde for artar som er under press.

Kulturhistoria handlar om forteljingar om folk, om bygningar og gjenstandar, men òg om landskapet rundt husa, om slåtteenger, beitemarker og hagar. Desse er resultat av at menneske gjennom generasjonar har forma naturen gjennom arbeid og bruk.

På De Heibergske Samlinger har arbeidet med kulturlandskap vore ein viktig del av museumsverksemda heilt sidan friluftsmuseet vart etablert på Kaupangerskogen på 1970- og 1980-talet. Målet var ikkje berre å flytte gamle bygningar til museet, men også å gje dei eit landskap som likna det dei opphavleg høyrde heime i.

Ein naturtype i tilbakegang
Slåtteenger er blant dei mest artsrike naturtypane vi har i Noreg. Tradisjonell slått, utan kunstgjødsel og pløying, har gjennom hundrevis av år danna leveområde for eit stort mangfald av blomar, insekt og andre artar.

de-heibergske-samlinger/slattedag-2024-msf-05396.jpg.
Tradisjonell slått med ljå og slåmaskin har lagt grunnlaget for slåtteenger med stor artsrikdom.

Endringar i jordbruket gjennom dei siste hundreåra har ført til at mange av dei gamle slåtteengene har fått ei anna drift enn tidlegare, medan andre område har grodd att etter at slåtten tok slutt. Desse endringane har vore viktige for å sikre matproduksjon og næringsgrunnlag for bøndene, men har samstundes ført til at leveområda for mange plante- og insektartar har blitt færre.

I dag er slåttemark sterkt truga og har derfor status som utvald naturtype etter Naturmangfaldlova. Dette skal bidra til betre vern gjennom ein eigen handlingsplan og tilskot til skjøtsel og varetaking.

de-heibergske-samlinger/slattemarka-vollane-pa-de-heibergske-samlinger-sogn-folkemuseum-msf-06620.jpg.
Orkideen grov nattfiol er ein av artane som er å finne i den artsrike enga, Vollane på De Heibergske Samlinger - Sogn folkemuseum.
de-heibergske-samlinger/brudespore-pa-slattemarka-vollane,-de-heibergske-samlinger-sogn-folkemuseum-upload-1783507244.jpg.
Ordikeen brudespore er nokså sjeldan, og var tidlegare utbreidd på slåtteenger. Brudesporen veks i den artsrike enga, Vollane, på De Heibergske Samlinger.

Dette er ein del av den globale utfordringa med tap av naturmangfald. Når artar og naturtypar forsvinn, mistar vi ikkje berre biologisk mangfald. Vi mistar også kunnskap, kulturhistorie og landskap som har vore ein del av menneska sine liv gjennom generasjonar.

Eit nyskapande eksperiment

På slutten av 1980-talet byrja museet, i samarbeid med fagmiljø ved det som i dag er Høgskulen på Vestlandet, eit pionerarbeid for å finne ut korleis ein kunne skape nye artsrike slåtteenger.

Utgangspunktet var ikkje lovande. Området der enga skulle etablerast var furuskog. Forskarane prøvde ut ulike metodar for å overføre planteartar frå gamle slåtteenger til det nye museumsområdet. Den mest vellukka metoden var å slå ei artsrik eng i nærområdet og flytte det ferske graset til museumsområdet.

de-heibergske-samlinger/enghumleblom-i-den-artsrike-enga-pa-de-heibergske-samlinger-sogn-folkemuseum-msf-06617.jpg.
Enghumelblom trivst godt i slåttemarka på museet.

Forsøka viste at mange engartar kunne etablerast på denne måten. Etter berre få år voks det fram ei fargerik eng med stort artsmangfald.

Frå prosjekt til prakteksempel

I 1989 tok museet erfaringane frå forsøket i bruk i større skala. Ei ny slåtteeng, med namnet Vollane, vart etablert på ved hjelp av gras frå ei artsrik eng på garden Haukåsen i nærleiken av Sogndal lufthavn. Sidan har enga blitt skjøtta på tradisjonelt vis, med sein slått, tørking og fjerning av graset, og utan bruk av kunstgjødsel.

Resultatet er imponerande. Etter meir enn tre tiår med målretta skjøtsel har enga utvikla seg til ei artsrik slåttemark med over 60 registrerte planteartar. Her finn vi mellom anna prestekrage, blåklokke, småengkall, raudknapp, engknoppurt, hjertegras og dei vakre orkidéane grov nattfiol og brudespore.

Naturverdiane er så store at slåttemarka Vollane i dag er klassifisert som ei svært viktig slåttemark med høg verdi som inngår i den nasjonale satsinga på å ta vare på slåttemark som utvald naturtype etter Naturmangfaldlova. Etableringa av den artsrike slåttemarka på museet er også eit viktig referanse- og studieområde for gardbrukarar, studentar, fagmiljø og forvalting som arbeider med kulturlandskap. Samarbeidet med Høgskulen på Vestlandet er framleis ein viktig ressurs for museet i dette arbeidet.

de-heibergske-samlinger/20260616_141033.jpg.
Dei hjarteforma småaksa har gjeve hjertegras (Briza media) namnet sitt. Planten er knytt til artsrike kulturmarker og slåtteenger, ein naturtype som har gått sterkt tilbake dei siste hundre åra.

Eit museum for framtida

For museet handlar dette arbeidet om meir enn vakre blomster. Dei artsrike engene viser korleis menneske og natur har spelt på lag gjennom lang tid.

Når slåttemarka blir slått med ljå eller slåmaskin, held museet ikkje berre liv i gamle handverk og driftsformer. Skjøtselen gjev også livsgrunnlag for planteartar, humler, bier, sommarfuglar og ei rekkje andre artar som er avhengige av opne og blomstrande naturtypar.

de-heibergske-samlinger/den-artsrike-enga-pa-de-heibergske-samlinger-sogn-folkemuseum-msf-06542.jpg.
Slåttemarka på De Heibergske samlinger - Sogn folkemuseum er eit godt døme på kva vi kan få til med kunnskap og praktisering av tradisjonelle driftsformar.

På denne måten blir kulturlandskapet ein møteplass mellom kulturhistorie og naturforvaltning. Arbeidet viser at vern av kulturarv og vern av natur ofte er to sider av same sak.

Når naturmangfaldet er under press, treng vi gode eksempel på restaurering og skjøtsel som fører til at artane får nye leveområde. Erfaringane frå museet viser at dette er mogleg å få til.

 

Kjelder:

Austad, I. og K. Rydgren. 2014. Etablering av slåtteeng. Resultat fra et forsøk på De Heibergske Samlinger–Sogn folkemuseum. Blyttia 72/2014

Austad, I. & Aaraas, O. 1990. De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum. Landskaps- og driftsplan for friluftsmusèet. Sogn og Fjordane distriktshøgskule Skrifter

Naturbase. Faktaark. Vollane, Sogn Folkemuseum. BN00068633.