Den eldste av røykomnstovene på museet kjem frå Bergheim i Feios og er truleg bydg på 1500-talet. Stova er samanbygd av to hus med jordgolv. Vi kjem fyrst inn i eldhuset eller matstova, der dei kokte mat, bryggja og baka. Her er det grue med skorstein, og på veggen er det låge lysgluggar med skyvelemmar. På den låge moldbenken langs eine veggen sette dei frå seg koppar og kar, slik som bytter gryer, mjølkeringar og strokkar, som var uthola av trestokkar.
Inne i stova er det ljore i taket, der røyken frå den låge røykomnen slapp ut. Her kunne folket samlast på benkane rundt langbordet, og i eine hjørnet står ei eldgammal seng.