De Heibergske Samlinger De Heibergske Samlinger
de-heibergske-samlinger/kvammeloftet_for-restaurering.jpg.

Kunnskap

Restaurering av Kvammeloftet

Loftet kjem frå Nedre Kvamme i Borgund i Lærdal kommune og er eitt av svært få loft i Sogn. Loftet vart truleg bygd rundt 1510, med sengebu i fyste høgd, utvendig trapp og svalgang på tre sider. Tilstanden er no slik at den må restaurerast.

Kvammeloftet har vore flytta fleire omgangar og det har vore utført omfattande vedlikehaldsarbeid på bygningen. Det er interessant å undersøka kva endringar som er gjort i samband med i flyttingane og vedlikehaldet, og å analysera kva betyding dette har hatt for tilstanden til bygget. Har ulike arbeidsmåtar og restaureringsmetodar hatt positiv eller negativ effekt på dagens tilstand?

Museumsnettverk for tradisjonshandverk fekk i 2018 forskingsmidlar frå kulturrådet til eit paraplyprosjekt der målet er å visa det kunnskapspotensialet som ligg i handverket med å tolka fortidas bygningar og objekt.

Ein skal både vinna ny kunnskap om byggeskikken og utvikla metodar for handverksforsking på tvers av profesjonane. Nettverket lyste ut åtte delprosjekt. De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum utvikla ein søknad på vegne av Musea i Sogn og Fjordane, og vart valt ut som eitt av dei åtte.

Vårt prosjekt er knytt til restaurering av Kvammeloftet, ein Freda bygning på museet, som truleg er bygd rundt 1510. Det har fått tittelen “Analyse av opphav og historie til Kvammeloftet frå Borgund gjennom handverkskompetanse og restaureringsarbeid”.

Restaureringa er gjort i størst mulig grad autentisk med tradisjonelle verktøy og metodar.

Av: Anette Uglum Vikdal

de-heibergske-samlinger/kvammeloftet_1382_800px.jpg.
Kvammeloftet der det opprinneleg stod. Bilete er teke omlag 1910.