De Heibergske Samlinger De Heibergske Samlinger
Mann med øks står i døra til eit 500 år gamalt bygg.

Let øksa ta historia vidare

Dei har lært seg å tolke 500 år gamle øksehogg. I restaureringa av Kvammeloftet har dei prøvd å kopiere dei gamle teknikkane. No er det deira øksemerke som snakkar til framtida.

Av: Henning A. Hellebust

Dei fleste ville henta motorsaga. Fått jobben gjort på eit minutt. Minst 30 centimeter solid furustokk skal kappast. Ikkje museumshandverkar Ole Fredskild ved De Heibergske samlinger – Sogn Folkemuseum. Han tek eit godt grep i skaftet på favorittøksa si. Stirer på streken han har teikna. Og så høgg han laus. Bestemt, med kraft. Flisene fyk. Hakket veks. Lukta av 200 år gamal furu pirrar luktesansen.

Mann høgg over tjukk stokk med øks.

– Det vi har funne ut i arbeidet vårt, er at heile laftekassen er utført med øks. Vi finn ikkje spor etter sag. For å få bygget mest mogeleg autentisk, så gjer vi det på same måten og med same reiskap. Ikkje berre det. Vi bevarer også arbeidsteknikkane når vi prøver å gjere det som på 1500-talet, seier Fredskild.

Det han snakkar om, er ikkje noko mindre enn at han og kollegaene tek vare på vår immaterielle kulturarv. Vi skal forklare det. Først må vi zoome litt ut og forklare kva Fredskild, og litt lenger ned i denne historia, hans kollega Kjetil Bergmo, held på med. Å avdekke uløyste gåter om eit gamalt bygg.

Skatt til forfall

Kvammeloftet vart henta frå Borgund til museet i 1920. Det er eit loft i to etasjar utan eldstad. Det vart bygd for å ha gjestar på overnatting og til å lagre lintøy, sengekle og verdisaker. Viss du studerer veggane på innsida, vil du finne svimerker. Dei er spor etter såkalla vrield. Etter folketrua skulle desse verne mot vonde makter. Bygget vart freda i 1923.

Eit eldre bygg i to etasjar med stillas på sidene. Det heile er dekka med eit tak mot regn så ein kan jobbe tørt.
Under detta taket har hanverkarane jobba sidan 2018. No nærmar dei seg å komme i mål. Her er det Ole Fredskild og Kjetil Bergmo som held på.

Godt inn på 2000-talet hadde loftet blitt prega av tidas tann. Det var store vedlikehaldsbehov. Sperrestokken, stokken som held sperrene, den takbjelkane kviler på, var fleire stader skøytt og knekt. Taket heldt på å skli ut. Då ein byrja med å plukke ned taket, såg ein fort at problema var større enn ein trudde først. Bygget heldt på å sige ned i bakken. Her måtte ein ta skikkeleg tak og aller først og gjere nytt grunnarbeid og bygge ny grunnmur.

Søkte nye svar

Samtidig såg ein behovet for å få sikrare svar om bygget si historie. Eit heilt nytt, nasjonalt forskingsprosjekt dukka passande opp. "Handverksforsking ved norske museum". Ved hjelp av handverkskompetanse og andre metodar ville ein få fram sikrare kunnskap om både alderen og historia til loftet. Her kunne ein kople ei akademisk tilnæring til å finne fakta, med handverkarane sine erfaringar, teknikkar og utprøvingar. Svært nyttig og inspirerande for dei involverte. Som eitt av åtte museum vart dei med på dette store nybrots-samarbeidet.

No, fire år seinare, har dei byrja å nærme seg målet. Eit enno meir autentisk bygg er snart ferdig restaurert. Ny kunnskap om historia til bygget er fagfellevurdert og publisert som ein forskingsartikkel. Forfatta mellom anna av handverkarane sjølv.

Handverkar brukar øksa til å skave vekk flis i eit hakk på ein tjukk stokk.

Og så har vi fått noko som mest sit i hendene på dei som klatrar i stillasa på Vestreim. Korleis bygge eit loft slik dei gjorde i Borgund på 1500-talet? Denne sjeldne kunnskapen tek handverkarane med seg som del av våre alles immaterielle kulturarv. Eit levande bevis på det er Kjetil Bergmo. Han er ganske ny i dette faget, no feller han i sperr slik dei kan ha gjort det på 1500-talet.

– Hakka i sperrestokken er veldig djupe. Det er slik vi har funne ut at det skal vere. Stokken skal ligge høgt, seier Bergmo, og skavar vekk fliser med si handsmidde øks frå Gränfors bruk.

Det ser lett ut, men det skal erfaring, kunnskap og blikk til før du får belønninga – den tilfredsstillande lyden «klakk» når du legg i sperra for siste gong. Og den passar perfekt. Først må du plukke ut ei høveleg sperr. Dimensjon, om trevirket er høgre- eller venstrevridd, om den har det rette spennet. Så byrjar innfellinga. Først eit hakk i stokken som ligg øvst i mønet, mønsåsen. Så i sperrestokken på sjølve bygget, laftekassen. Til slutt hakket i den ytste sperrestokken, den som er i svalgangen. Så skal sperra tilpassast med hakk, eller «mothaker» så dei heng på sperrestokkane. Og så skal den passe ned i spora.

Handverkar strekar på ein stokk for å syne kvar han skal høgge.

– Det tek si tid. Det blir veldig mykje fintilpassing. Inn og ut med sperra. Det handlar også om tryggleik, kor trygg ein kjenner seg i faget. Ole, som har 50 år bak seg som tømrar, jobbar mykje raskare enn meg. Men, eg lærer, seier Bergmo.

Lærer ved å gjere

Nøyaktig kva er det han lærer? For det første. I arbeidet sitt har dei funne spor etter bruk av øks. Dei har kopiert buen og breidda og fått smidd seg like økser. Dei har funne spor etter skavhøvel – eit jarn som ein dreg mot seg – og har smidd og laga ein skavhøvel slik dei truleg brukte den gong. Verktøya dei brukar er altså svært like vertkøya dei bruke på 1500-talet.

For det andre, dei har funne trevirke som er mest mogeleg likt. Det var det første dei gjorde, å dra på skogen. 500 meter over havet fann dei 150-200 år gamal furuskog, rikeleg med al, kjerneved. Den har ein kvalitet svært lik den originale, med rette eigenskapar og god haldbarheit.

Handverkar dreg ein skavhøvel, to handtak med eit skjerpt jern stikkande ut frå seg, høvlar av hjørnet på ei sperr.
Her ser du skavhøvelen i bruk. Fredskild brukar den til å runde kantane på sperra, men den har mange bruksområde.

For det tredje så har dei studert dei ulike teknikkane og metodane som er brukt for å til dømes lafte og felle inn sperr. Dei har samanlikna og funne ut kva som truleg er seinare reparasjonar og originalt arbeid. Og så prøver dei å gjere det likast mogeleg det opprinnelege.

Saman med sine kollegaer tek Bergmo vare på ein handverkstradisjon. Tradisjonen og kunnskapen vil sakte forsvinne den dagen ein sluttar å bygge og reparere hus slik. Bergmo er ein av dei som ber denne immaterielle kulturarven vidare. Held kunnskapen om fortida i live.

Kjetil Bergmo sit på ein stokk i ein opning med øksene ved sidan av seg.
Kjetil Bergmo er ein arvtakarane av kunnskapen dei har funne og utvikla. Når han jobbar på Kvammeloftet, utøver han vår immaterielle kulturarv og set nye spor for framtida.

Eit "detektivarbeid"

Det er ikkje det same, men for å illustrere handverksforskinga dei sette i gong med, så handlar det litt om å løyse mysterium. Dei ser etter spor, leitar etter fakta, tolkar dei, set dei saman, skaper eit bilde, ei hypotese, testar hypotesa på andre. Så kva er det dei har funne ut?

På den gamle informasjonsplata på Kvammeloftet, står det at det truleg vart bygd på slutten av 1500-talet. At andre høgda vart bygd på, så seint som i 1745. Årstalet 1745 og eit monogram som er skåre inn i stokken over døra i andre høgda, har vore viktig grunnlag for den teorien. I dag veit ein annleis.

– Det vi har sett er at lafteteknikken er gjennomført likt både oppe og nede. Vi ser også at bjelkelaget mellom første og andre høgda er opphaveleg – det har vore der heile tida. Det ville det truleg ikkje vore om loftet hadde blitt påbygd 150 år seinare. Det tyder på at bygget ikkje er bygd i to omgangar slik ein trudde tidlegare, seier Fredskild.

Fann dei fasit?

Dei har dessutan fått eit nytt og sikrare hjelpemiddel til å dobbeltsjekke. Det er bora 31 prøver av tømmeret. Dei er undersøkt med dendrokronologi. Det er rekna for å vere ein nøyaktig metode, der ein ved å studere årringane kan slå fast det året trea vart felt. Og kva synte prøvene?

Olde Fredskilde held opp ei øks og ein skavhøvel, Kvammeloftet i bakgrunnen.
I haust går Ole Fredskild av med pensjon. Han har gjort sitt beste for at både Kvammeloftet og handverkarteknikkane vil leve vidare.

At det aller meste av trevirket i heile bygget er felt rundt år 1510. Med utgangspunkt i det handverkarane har funne ut og årstalet frå boreprøvane, så er teorien i dag at bygget var sett opp i sin heilskap rundt 1510. Altså er Kvammeloftet over 500 år gamalt.

– Det er ingen fasit. Poenget med dette arbeidet er at vi prøver å skaffe oss mest mogeleg rett kunnskap, så vi ikkje formidlar og konkluderer feil. Vi har lært nye måtar å sjå ting på, og at vi kan vere grundigare i gjennomgangen av kva vi jobbar med. Slik har vi mellom anna funne tilbake til måtar å gjere ting på, seier Fredskild.

Les meir om

Kvammeloftet

Artikkelen "Kvammeloftet, analyse av opphav og historie gjennom handverkskompetanse og restaureringsarbeid" er publisert i artikkelsamlinga "Håndverksforskning ved norske museer" (Museumsforlaget 2022) og "Årbok for Sogn 2021". Du finn begge publikasjonane mellom anna i biblioteket til De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum.

Forfattarar er Ole Fredskild, Kjetil Bergmo, Jan-Arve Lund, Aage Engesæter og Stig Nordrumshaugen.