De Heibergske Samlinger De Heibergske Samlinger
Karding, besøkjande, Indresogn tunet.
Publisert 09/01/2024
Av Anette Uglum Vikdal

De Heibergske Samlinger- Sogn Folkemuseum med 17% auke i besøk i 2023!

2023 har vore eit godt år for musea i sogn og fjordane! Med to unntak, hadde alle musea våre fleire gjester i fjor enn året før. Til slutt enda vi opp med 48459 besøkande. Det er ei auke på nær 9000 personar, 23 prosent.

– Det er gode tal, sjølv om vi har ei målsetting om 70.000 besøkande i 2026. Dette er eit godt steg på vegen. Det er sjølvsagt kjekt for oss at når andre er interessert i det vi driv med. Så er det viktig for oss med eigeninntektene besøka gjev, vi får meir ressursar til å utvikle nye og betre tilbod, seier administrerande direktør Jan Heggheim i Musea i Sogn og Fjordane.

Han fortel at museumssektoren generelt opplever at tilbakevendinga frå korona-dvalen tek lenger tid enn ein hadde håpt på. Likevel trur han ikkje veksten kjem av seg sjølv, men av tilbodet og det arbeidet dei tilsette legg ned.

– Eg meiner vi gjer ein veldig god jobb på fleire område, det vi tilbyr er relevant for fleire. Så byrjar konsolideringa og omorganiseringa av musea å få effekt – vi samordnar ressursane våre og hjelper kvarandre på tvers, så det er meir som let seg få til, seier Heggheim.

Spelsau, Mating, Besøkjande.

Aller flest museumsgjester har, som vanleg, funne vegen til De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum. Det store, tradisjonelle museet på Kaupanger bikka nesten ti tusen besøkande, ei auke på 17 prosent sidan 2022.

– Vi hadde mål om ti tusen besøkande samla for De Heibergske Samlinger og Sogn Fjordmuseum. Det er vi veldig glade for at vi klarte. Det har vore ein jamn auke generelt, men eg trur den største veksten er fleire turistar. Sogn er jo ein god turistdestinasjon, og då dryp det litt på oss, seier museumsleiar Aud Ross Solberg ved De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum.

de-heibergske-samlinger/bilde1-1704795142.jpg.