De Heibergske Samlinger De Heibergske Samlinger
Aud Ross Solberg med langt gyllent hår og blå boblejakke lener seg på ei hesje framfor gamle museumsbygningar.
Publisert 01/11/2023
Av Henning A. Hellebust

Gjev seg som museumsleiar

Etter mange høgdepunkt og nær tolv år som leiar ved De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum, er Aud Ross Solberg klar for å gjere noko anna. Ho er spent på å sjå kva arvtakaren kan få til ved det tradisjonsrike museet.

– Som leiar har eg sakna litt det å jobbe meir med det museumsfaglege. Forske, ta vare på samlinga, lage utstillingar. No går eg inn i ei stilling der eg får meir høve til det, som seniorrådgjevar/konservator, seier Aud Ross Solberg.

Det var tilbake i 2012 ho søkte og fekk leiarjobben. Då hadde ho allereie jobba ved museet i 18 år, sidan januar i 1994. På desse snart 30 åra, har det vore mange høgdepunkt.

Eit pionermuseum

– Vi var jo eit pionermuseum når det gjekk på å dokumentere samtidshistorie. Det å få vere med når vi sette opp samtidshusa Leitehuset (1964) og Melheimhuset (1939) og innreie dei, var veldig kjekt. Dei var meir frå mi eiga tid og var litt min eigen historie også, seier ho.

Aud Ross Solberg står bak ei klassisk 60-talslampe med fargerike lamphettar.
Aud Ross Solberg likar seg godt i Leitehuset. Det er fyllt opp av gjenstandar frå 1960-talet, som er veldig nær hennar eigen historie.

Å spørje Aud om høgdepunkt, er som å utløyse ein foss av minner. Ho ramsar opp museet sitt 100-årsjubileum i 2009. Flyttinga av prestegarden frå Vik frå det gamle museumsområdet i Amla. Det store arbeidet med utstillinga om vev-tradisjonen i Sogn. Å lage årbok for Sogn, og dessutan eit utal utstillings- og dokumentasjonsprosjekt. Andletet lyser enno meir opp når ho snakkar om kva kvalitetar ho set pris på ved museet.

– Det er eitt av dei første friluftsmusea i landet, det vart bygd samtidig med folkemusea på Lillehammer og Bygdøy. De Heibergske Samlinger har ein rik og ærverdig tradisjon. Museet er over eit stort område med mange bygningar frå mellomalderen og heilt fram til Stellahuset frå 1980-talet. Og så har vi ei enorm samling av gjenstandar både på magasin og i utstilling, og ikkje minst reiskapssamlinga, og båtsamlinga knytt til Sogn Fjordmuseum. Og så har vi mange veldig flinke folk med ulike bakgrunnar som lærer av kvarandre. Vi har alltid jobba godt saman og har eit godt miljø, seier ho.

Endringar undervegs

Ei av dei største endringane sidan ho byrja i museet i OL-året, er innlemminga av fleire sjølvstendige museum i Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane i 2009. Gjennom ny organisering i 2020, vart dei tilsette delt opp i fagavdelingar på tvers av kvart museum.

Aud Ross Solverg held ei rive som kastar skygger i andletet. Ho har på seg solbriller og smiler.
Under vårdugnaden er også museumsleiaren med og steller i stand til sesongopning.

– Det var ein vanskeleg prosess. Nokon tykte endringane var ok, andre protesterte. Det var utfordrande å vere i midten, mellom leiinga i Stiftinga og dei tilsette lokalt, å vere den som skulle gjennomføre. Men når vedtaket om ny organisasjonsmodell kom, var alle innstilt på at, ok, vi har sagt vårt, no følgjer vi det som er bestemt. No tykkjer eg ting har falle på plass, seier ho.

Sjølv er ho del av eit kollegium av museumsleiarar som møtest med jamne mellomrom.

Godt samarbeid

– Det er positivt å ha kontakt med dei andre museumsleiarane, nyttig å konferere med andre som driv med same oppgåver og problemstillingar. Sjølv om vi kanskje samarbeidde meir på tvers av faggruppene internt på museet før omorganiseringa, så var fagmiljøa mindre. Det å samarbeide med andre med same bakgrunn og yrkestittel frå andre museum gjev veldig mykje, seier ho.

Om mogelegheiter for vidare utvikling av museet, trur Aud Ross Solberg det kan vere mykje å ta tak i for arvtakaren hennar.

de-heibergske-samlinger/friluftsmuseet_msf_01915_foto_henning_a.__hellebust.jpg.
Kulturlandskapet ved De Heibergske Samlinger er ein viktig del av opplevinga. Ljåslått er ein del av det å ta vare på den immaterielle kulturarven.

– Det er mange mogelegheiter for å utvikle fagområda våre. Hovudoppgåvene i kulturhistorisk avdeling er jo utstillingsarbeid, vertskap og formidling. Av utstillingar er det mykje som kan trenge fornying, og no planlegg vi ei tekstilutstilling i ein heil etasje. Samtidig er det rom for temporære utstillingar. Det er mykje å bygge vidare på når det gjeld arrangement og formidling, også til skule. Det er mange planar på gang, som betre kontorareal for dei tilsette og eit formidlingsrom, og nye kulturhistoriske hus vert sett opp. Så har vi dette med kafé og butikk. Og kulturlandskapet vårt er kjempeviktig for dei besøkande og for formidling av den immaterielle kulturarven, avsluttar ho.