I årsrapporten kan du lese korleis Musea i Sogn og Fjordane har løyst samfunnsoppdraget sitt siste år. Før du går dit, ta deg to minutt til å lese lese ein litt anna versjon, den om gjengen på bildet ovanfor, dei tilsette, og kva dei har jobba med for at vi skal lukkast.
Åtte handverkarar har jobba med å halde mange av dei 154 kulturhistoriske bygga våre i stand.
Fem konservatorar, ein samlings- og magasinforvaltar har på ulikt vis teke vare på og forska på 120.000 gjenstandar, 4000 kunstverk, 144 båtar, 37.000 foto og bygga nemt ovanfor.
Seks museumsvertar har lagt til rette for at gjestene våre skal ha gode besøk og god bakst.
Oppunder 40 sommarvertar har tatt imot turistar og andre gjester i ferien.
Sju museumspedagogar jobba med nye formidlingsopplegg og utstillingar, formidla til skulelevar og heldt omvisingar.
Ein museumsbonde har hatt ansvaret for kulturlandskapa i musea.
Fire driftsteknikarar var høgt og lågt og sytte for at bygg og interiør fungerer som det skal.
Ein økonom passa pengeflyten.
To jobba med HR.
Marknads- og kommunikasjonstilsette hjalp til å syne oss fram for allmenta.
Rådgjevarar og prosjektmedarbeidarar bidrog med ulik spisskompetanse.
Åtte museumsleiarar har styrt tolv ulike museumsarenaer.
Direktøren for det heile og for dei fire fag-avdelingane styrte skuta.