– Den sto ved hovudvegen på den tid, Sognefjorden. Bygget kan ha vore brukt av båtfarande til å overnatte langs vegen, spekulerer handverkar Jan Arve Lund.
Med eit slikt oppdrag, er det mykje tid til å sette seg inn i bygget for den erfarne handverkaren. Saman med kollega Kjetil Bergmo har han starta arbeidet med å reise den gamle sengebua. Ei sengebu er eit gardsbygg som kom i bruk på Vestlandet i mellomalderen og vart vanleg på 16- og 1700 talet. Den vart gjerne brukt som gjestestove med gjestesenger på dei største gardane.
Anno 1621
Over døra på det to etasjar høge laftebygget, er det høgd inn "Anno 1621". Heilt trygge på alderen er dei ikkje, men snart skal ei dendro-prøve avgjere spørsmålet. Ei kjerneboring vil kunne samanliknast med anna, datert trevirke, og difor gje ein nøyaktig alder på treet. Også "jevs" er høgt inn. Kanskje er det ei bøn om vern for dei som sov der.
I 1925 vart bygget sett opp på De Heibergske Samlinger, som då låg i Amla i Kaupanger. Då museet flytta til Kaupangerskogen på 1970-talet, sto bua att. Sidan 2009 har den vore pakka ned på eit lager. No skal det endeleg reisast igjen.

Eit vernebygg er reist over byggetomta - med utsikt mot Sogndalsfjorden. Grunnmuren er sett opp, golvbjelkane er på plass og snart er heile ramma klar. Lund brukar mykje av tida si her, og meir skal det bli. Kvar einaste stokk som skal på plass, må vurderast nøye. Enkelte materialer toler ikkje å bli brukt opp att og må virkast til på nytt. Andre treng å få fornya deler av seg, noko som også krev nøye tilpassing.