– Vi er utruleg glade for at vi no kan opne dørene att, og ønskjer alle velkomne hit, seier museumsleiar Trude Knagenhjelm.
Det var ein tøff beskjed å få for museumsleiaren og dei tilsette, men ingen veg tilbake. Då Mattilsynet kom på uventa besøk 23. mai, fann inspektøren museskit og musefelle på kjøkenet. Vaskerutinane på kaféen var ikkje følgt godt nok opp.
Smilefjeset tilbake
Etter to veker innsats med å ordne opp og førebygge at det skal skje igjen, kom Mattilsynet på nytt tilsyn. 6. juni vurderte tilsynet at De Heibergske Samlinger oppfyller regelverket for trygg mat, og oppheva med dette vedtaket om stenging. Dette medførte òg eit nytt oppslag på disken med stort smilefjes.
Dette har vi gjort
Sidan vedtaket om stenging kom, har museet gjort grep for å sikre at kaféen skal vere trygg for gjestene våre. Med hjelp frå skadedyrfirma har vi avdekt korleis mus har kome seg inn i bygget. Kjøken og kafé er grundig reingjort.
For å førebygge framtidige musebesøk skal vi tette sprekkar og hol utvendig. Vi har dessutan betra rutinane og planane våre for reinhald for å sikre at kafeen skal vere ein god stad for gjestane å møtast over noko godt å ete og drikke.
Opnar laurdag
– No jobbar vi med å få drifta i kaféen opp i normalt gjenge att. Vi ser fram til å ønske gjestene velkome på kafébesøk frå og med laurdag, avsluttar Knagenhjelm.