Kartlegging
Det første spørsmålet som dukka opp i arbeidet med tilgjengelegheit var «Kor tilgjengeleg er eigentleg museet vårt?». Gjennom vinteren har difor tilsette på DHS arbeidd med kartlegging av hovudbygningen, og korleis tilkomst, resepsjonsområde, kafé, toalett og utstillingar fungerer for ulike brukargrupper. Kartlegginga resulterte i ærleg og konkret tilgjengelegheitsinformasjon på nettsida.
DHS var òg vertskap for ein intern fagdag for Musea i Sogn og Fjordane om tilgjengelegheit, der forfattar av publikasjonen «Bare gjør det» Hvordan lage et mer tilgjengelig museum», Hanna Mellemsether var foredragshaldar.
Som del av kartlegginga har vi hatt to ulike besøk av testpilotar som brukar høvesvis elektrisk og manuell rullestol, med mål å vurdere korleis museet fungerer for gjester med nedsett rørsle – og korleis tilbodet kan utviklast vidare.
Eit av besøka fann stad i april 2026, og var i regi av Sunnaasstiftelsen og Visit Sognefjord, som del av ei større kartlegging av tilgjengelegheit i regionen. Besøket inngjekk i prosjektet AccessNorway. Under besøket såg representantar frå museet, Visit Sognefjord og Sunnaasstiftelsen inkludert ein testpilot i rullestol, nærare på konkrete forhold i friluftsmuseet.
Fokus under besøket var mellom anna:
nivåforskjellar og framkome i friluftsmuseet
moglegheiter for å gjere fleire delar av området tilgjengelege
korleis ein kan styrkje opplevinga utan å gå på kostnad av kulturhistoriske verdiar
Eit museumsanlegg med særlege rammer
Som eit stort friluftsmuseum med antikvariske, verneverdige bygningar og variert terreng med kulturlandskap, står De Heibergske Samlinger i ei særleg balansegang mellom tilrettelegging og vern. Mange av bygningane og uteområda er i utgangspunktet ikkje universelt utforma, og det set naturlege grenser for kva som er mogleg å endre.
Hovudbygningen som vart bygd på slutten av 1970-talet har store samanhengande flater, og mange eigenskaper som legg gode rammer for at ulike brukargrupper får tilgang. Det er likevel ein del å gå på når det gjeld utstillingar og fasilitetar.
I tilbakemeldinga frå Sunnaasstiftelsen blir De Heibergske Samlinger peikt ut som ein aktør som over tid har jobba målretta og systematisk med tilgjengelegheit. Museet er den einaste verksemda i kartlegginga som har ei så grundig, konkret og ærleg framstilling av eigne føresetnader på nettsidene sine.
Denne openheita gir gjestene betre grunnlag for å planleggje besøket sitt, og skaper større tryggleik og forutsigbarheit – også der tilgjengelegheita har klare avgrensingar.
Rapporten peikar på at museet er tydeleg på desse rammene, og at dette i seg sjølv er ein viktig del av arbeidet med tilgjengelegheit: Å formidle realistisk og presis informasjon gir betre besøksopplevingar enn generelle og uklare formuleringar.
Eit døme på medvite og realistisk tilgjengelegheitsarbeid
I si samla vurdering trekkjer Sunnaasstiftelsen fram De Heibergske Samlinger som eit godt døme på korleis eit kulturhistorisk anlegg kan jobbe klokt og langsiktig med tilgjengelegheit.
Gjennom å kombinere konkret og ærleg informasjon, vilje til utvikling, dialog med fagmiljø og brukarar, og samstundes vareta respekten for historiske rammer, viser museet at tilgjengelegheit handlar om meir enn fysiske tiltak åleine. Det handlar også om kunnskap, formidling og haldningar – og om å gjere kulturarven meir tilgjengeleg for fleire, på ein ansvarleg måte.