De Heibergske Samlinger De Heibergske Samlinger
Bilete av småbruket Eidet i Sogndal kommune.
Publisert 27/03/2026
Av Trude Knagenhjelm

Ny eigar av småbruket Eidet i Sogndal

Sogn Friluftsråd har no formelt teke over småbruket Eidet (gbnr. 90/5) i Sogndal. Eigedomen omfattar seks bygningar og om lag 15 dekar innmark. Gardsbruket vart gjeve til De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum (DHS-SF) som testamentarisk gåve i 1987, og museet overtok drifta då testator Svein Henjesand gjekk bort i 2000.

Gjennom åra har det vore mange gode planar for Eidet, men som eit stort friluftsmuseum har DHS-SF omfattande oppgåver og avgrensa kapasitet. Etter ei samla vurdering har museet kome til at andre kan gje eigedomen eit betre og meir aktivt liv enn museet sjølv har høve til.

Samarbeid med Sogndal kommune og Sogn Friluftsråd

I dialog med Sogndal kommune kom det fram at eigedomen kunne passe godt saman med det eksisterande friluftsområdet på nabotomta. Etter tilråding frå kommunen vart det i 2023 teke kontakt med Sogn Friluftsråd, som då var under etablering.

Sogn Friluftsråd vart formelt oppretta 16. februar 2024 som eit kommunalt oppgåvefellesskap mellom Vik, Sogndal, Aurland, Lærdal, Årdal og Luster. Rådet er medlem av Friluftsrådenes Landsforbund og er det 29. friluftsrådet i landet. Føremålet er å vere ein viktig samfunnsaktør for friluftsliv i regionen og bidra til meir friluftsliv for alle, heile året. -Sogn friluftsråd vil setje i stand og utvikle eigedomen til eit ålment friluftsområde som skal vere ein stad for friluftsliv, aktivitet og undervisning i samarbeid med lokale aktørar, seier Anna Kobbeltvedt i Sogn friluftsråd.

Arven etter Svein Henjesand

Museet er oppteke av å ta vare på arven etter Svein Henjesand. Musea i Sogn og Fjordane (MiSF) har difor teke vare på verktøy og inventar frå verkstaden ved å flytte dette til museet, og vil arbeide vidare med korleis båtane han bygde kan formidlast i samanheng med verktøy og utstyr.

Stiftinga De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum, som har vore formell eigar av eigedomen, har godkjent avhendinga. Musea i Sogn og Fjordane har stått for den praktiske gjennomføringa.

Vi er glade for at friluftsrådet no tek over, og ynskjer dei lukke til med å ta vare på og utvikle eigedomen, seier Jan Heggheim, administrerande direktør i Musea i Sogn og Fjordane.