De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum deltek for tida i eit forprosjekt saman med Vestlandsforsking, Sogndal kommune og andre kulturaktørar i området Kaupanger.
Målet i forprosjektet er: å teste metodikkar i caseområdet kaupanger for å forbetre og utvikle nye og heiskapelege besøksopplevingar i skjeringspunktet mellom natur og kultur.
Reisemålet Noreg har behov for meir kunnskap om kulturturisme, som har potensiale for å bli ein del av eit berekraftig reiseliv. Kulturturisme vil bidra til å ivareta kulturarv gjennom berekraftig bruk og bidra til lokal og regional utvikling. Det bidreg også til å oppretthalde og utvida kulturtilbod, som styrkar stadsidentitet og bulyst.
For å nå mål om å utvikle Norge som attraktiv kulturdestinasjon er det behov for å teste og utvikle metodikkar for opplevingsdesign og kreativt innovasjonssamarbeid mellom ulike aktørar. Dette skal OMBOOK gjere i caset Kaupanger og i eit påfølgande hovudprosjekt skal det byggjast vidare på metodane og teste ut og etablere nye, berekraftige kulturopplevingar i fleire caseområde i Vestland. Forskarar ved vestlandsforsking skal både forske på og forske med ny kunnskap i lag med kulturformidlarar ved museet, hovedgården og kommunen. Innovasjonane i forprosjektet er: forbetra tenester og nye besøksopplevingar tufta på kultur, og forbetra samarbeidsprosessar for større lokal verdiskaping. Innovasjonane skal utvikle caseområdet Kaupanger som ein attraktiv stad å besøke for lokale, regionale og nasjonale tilreisande, og som ein attraktiv stad å bu i.
Tradisjonelt rettar reiselivet seg mot tilreisande, men det er eit uforløyst potensial i å satse meir på besøkstilbod som lokalsamfunna også ynskjer og kan nytte seg av. I framtidas Bygde-Norge vil også regionsentera vekse meir enn bygdene rundt og det er eit behov for å utvikle gode lokalsamfunn gjennom kulturarven, og samstundes styrke kortreist turisme til dei rurale omlanda for regionsentera. Vestlandsforsking vil utforske nettopp dette, og kartleggje verdiskapingspotensialet for berekraftige kulturopplevingar for både innbyggarar og tilreisande til Kaupanger. Prosjektet fokuserar på kulturarven i området, både den immaterielle kulturarven (tradisjonar og skikkar) og materiell kultur (bygningar, gjenstandar, landskap). I prosjektet skal ein undersøke verdiskapingspotensialet for kortreist kulturturisme til caseområdet Kaupanger, med etablerte kulturinstitusjonar som musea og stavkyrkja, men også for nye berekraftige kulturbaserte opplevingar knytt til hovedgården.