Set fantasien i gang og engasjer både små og store i læring og leik på museet. På uteområdet ventar troll og andre vesen frå eventyra, og leik frå ei anna tid.
Ta med dei yngste i familien og opplev Eventyrskogen, der du får møte dei tre Bukkane Bruse, Espen Askeladd og Jutlamannen. Klatre ein tur til Bloksberg og samle familien til eventyrstund ved samlingsplassen.
Bygg ditt eige laftehus på leikeplassen og prøv gjerne ut gamle kunstar på styltar og i hesteskokasting. Leikeplassen vår er også utstyrt med sandkasse, sklie, dumpe og balansestokk.

I resepsjonen har vi aktivitetshefte til dei yngste med kjekke oppgåver knytt til dyreliv, eventyr og leik, som kan løysast på museumsområdet.
Dersom vêret innbyr til inneaktivitet, kan utstillinga Då Oldemor var liti lokke fram spørsmål og undring. Her kan dei sjå og prøve ut leiker og spel frå gamle dagar.
