De Heibergske Samlinger De Heibergske Samlinger
de-heibergske-samlinger/Ei-tru-med-alt.jpg.

Ei tru med alt

Stad De Heibergske Samlinger

I det gamle samfunnet var det knytt truer til det meste av arbeid og årstider, og førestellingane om huldra, nøkken og andre overnaturlege vesen var livs levande. Utan doktor og dyrlege måtte folk finna sine eigne lækjeråder.

Museet si unike samling av folketru-gjenstandar, ikkje minst knytt til folkemedisin, er med denne utstillinga gjort tilgjengeleg for publikum. Her er reinsande bergkrystallar og lækjande skaknivar, forunderlege spåbein og enkle Olavskrossar, stolen altarvin og mystiske svartebøker.
 Vi moderne menneske kan vel heller ikkje forklara alt “mellom himmel og jord?”