De Heibergske Samlinger De Heibergske Samlinger
de-heibergske-samlinger/ad0bc3c2-6d8c-4868-95a2-3df9f7f96266-wml-1723789481.jpg.

Familiedag

Tidspunkt -
Stad De Heibergske Samlinger

Søndag 8. september inviterer De Heiberske Samlingar til familiedag fylt med aktivitetar for alle aldrar. Arrangementet samlar lokale aktørar, handverkarar og frivillige, som bidreg til ein dag spekka med lokal kultur, historie og moro.

Program for dagen :

·       Barnerebus på museumsområdet

·       Potetkakebaking med Jostedal Helselag: Smak på tradisjonelle potetkaker i Leirmostova.

·       Veteranbilar frå Indre Sogn Automobil Club: Utforsk eit utval av flotte veteranbilar som vil vere utstilt på plenen ved Helgheimstova.

·       Handarbeid med Sogn bunadsnettverk: Kom og sjå bunadsnettverket demonstrere tradisjonelt handarbeid knytt til bunad i Haugastova.

·       Vev, hekling og saum: Besøk Kvitevoll for å sjå og kjøpe vakre handlaga tekstilar.

·       Konsert med Krudlalaget: Høyr konserten med dei sjarmerande krudlarane kl. 13.00 ved inngangen til museet.

·       Stand frå Fortidsminneforeningen Sogn lokallag: Møt representantar frå Fortidsminneforeningen ved krysset på Indre Sogn.

·       Bruktfunn med Lise Hilleren: Stikk innom standen utanfor museet og finn skattar blant Lise Hillerens bruktfunn.

·       Trekkspel rundt på området: Oddbjørn Ramstad og ein kollega sørgjer for musikalsk stemning med trekkspel rundt på heile museumsområdet.

·       Lauving med Kjell Magne: Sjå på tradisjonell lauving utandørs på museumsområdet.

·       Smiing med Ole: Opplev smiing på nært hald i smia ved Haugen.

·       Eplepressing med Mari Sofie: Press dine eigne eple i eldhuset ved Indre Sogn.

·       Båtbygging for dei yngste med Jan Arve: Lag din eigen båt i verkstaden.

·       Stell av dyr: Bli med på stell av dyr.

·       Open landhandel: Krambua i utstillinga vil vere open og du kan handle snop og søtsaker.

Billettar:

Voksne: 120 kr

Student: 90 kr

Honnør: 90 kr

Born: Gratis

Med Årskort: Gratis

Kjøp Årskort: 390 kr

Vi ser fram til å ønskje heile familien velkomen til ein dag full av opplevingar, læring og fellesskap. Dette blir ein flott anledning til å treffe folk, og å utforske både historie og handverk.