Velkommen til ein koseleg og stemningsfull førjulssøndag på museet! Få den gode gamaldagse julesemninga i ei ellers travel førjulstid.
Vi legg opp til massevis av aktivitetar og julestemning, kanskje får du laga nokre fine julepresangar? Blant anna kan du:
Oppleve gamaldags bakst av julekaker
Juleverkstad med fletting av julestjerne, lage julekort og julekorger.
Skriv i julekorta med penn og blekk
Sogndal Hagelag, Sogndal Husflidslag og Sogn Botaniske Forening kjem med kjekke juleverkstadar der dei nyttar naturmaterialer
Krambua vert open med sal av godsaker
Marknad med sal av fine handverksprodukt og mat
Trekkspelmusikk
Sang frå Krudlalaget
Eit av husa på området er pynta til jul, og utstillingane held som vanleg ope. Museumsbutikken har fått inn julevarer, og i kafeen kan du kjøpe julegraut, julekaker, hellekaker og mykje anna godt! Vanleg inngangspris og årskort.
VELKOMNE!