De Heibergske Samlinger De Heibergske Samlinger
de-heibergske-samlinger/krambu-jul-1698743280.jpg.

Førjulssøndag

Tidspunkt -
Stad De Heibergske Samlinger

Velkommen til ein koseleg og stemningsfull førjulssøndag på museet! Få den gode gamaldagse julesemninga i ei ellers travel førjulstid.

Vi legg opp til massevis av aktivitetar og julestemning, kanskje får laga nokre fine julepresangar? Blant anna kan du:

  • Oppleve gamaldags bakst av julekaker

  • Juleverkstad med fletting av julestjerne, lage julekort (og skrive i dei med penn og blekk) og lage julekorger.

  • Krambua vert open med sal av godsaker

  • Marked med sal av mange fine handverksprodukt og mat

Eit av husa på området er pynta til jul, og utstillingane held som vanleg ope. Museumsbutikken har fått inn julevarer, og i kafeen kan du kjøpe graut, hellekaker og mykje anna godt! Vanleg inngangspris og årskort.

VELKOMNE!