De Heibergske Samlinger De Heibergske Samlinger
de-heibergske-samlinger/2b0afde6-e65f-45ca-8256-53b87f684848-v-34.jpg.

Førjulssøndag

Tidspunkt -
Stad De Heibergske Samlinger

Velkommen til ein koseleg og stemningsfull førjulssøndag på museet! Få den gode gamaldagse julestemninga i ei ellers travel førjulstid.

Det blir fleire kjekke aktivitetar og stor sjanse for julestemning, kanskje får du laga nokre fine julepresangar? Du kan blant anna oppleve tradisjonell bakst av julekaker, delta på juleverkstad med fletting av julestjerne, lage julekort og julekorger, lage advents- og julepynt av naturmaterialar, handle godsaker i den gamle krambua og høyre Krudlalaget synge adventstida inn.

Program for førjulssøndagen på De Heibergske Samlinger

  • Vi opnar dørene klokka 11.00

  • Krambua inne på museet er open mellom 11-12 og frå 14-15

  • Lars Asle fortel om juletradisjonar før i tida, i Stavedalsstova. Klokka 12:00 og 14:00

  • Krudlalaget har konsert inne på museet klokka 13.00

  • I Leirmostova er det tradisjonell bakst av julekaker heile dagen

  • I formidlingsrommet inne på museet er det aktivitet heile dagen

Eit av dei gamle husa på området er pynta til gamaldags jul, og utstillingane held som vanleg ope. Museumsbutikken har fått inn julevarer, og i kafeen kan du kjøpe julegraut, julekaker, hellekaker og mykje anna godt! Vanleg inngangspris og årskort gjeld for dette arrangementet.

VELKOMNE!

de-heibergske-samlinger/db7c5be4-d89a-4fd3-b574-920dcaaf4271-v-34.jpg.

Planlegg besøket ditt

Kjøp billett

Opningstider

1. oktober — 12. desember
tysdag–fredag kl. 10–15*
* Vi held stengd 20. og 21. november på grunn av personalsamling

Prisar

  • Vaksne (18+): 130 kr
  • Born frå 0-17 år: Gratis
  • Honnør/studentar: 100 kr
  • Årskort: 430 kr

Her er vi

De Heibergske Samlinger
Mannhellervegen 643
6854 Kaupanger