Friluftsmuseet ligg på eit 110 dekar stort område, og her finn ein mellom 30 og 40 ulike hus, som er flytta hit frå ulike bygder i Sogn. Fleire av dei er plasserte som tun på museumsområdet. Hus som til vanleg fanst i bygdene i Sogn, er å finna her. Dei eldste husa er bygde på 1500-talet, og spenner frå mellomalderens årestove til ein gamal prestegardsbygning og eit ferdighus frå 1980-åra. Her er buer og loft, fjøs og andre uthus, kvernhus og naust, smie, turkestove, vedhus og utedo- og ikkje minst ei heilt eineståande vetastove. Men det fyste huset auget fell på når ein kjem til museet, er ei skulestove frå Sogndal folkehøgskule.
Friluftsmuseet ligg i eit flott naturområde, med kulturlandskap i form av slåttemarker, åkrar og beiteområde. Her er gangvegar og stiar, leikeplassar og ein eventyrskog, som gjer det til eit attraktivt turområde både for store og små.
Arbeidet med kulturlandskapet på museet tok fart på 1980-talet og er i stadig utvikling. Etter mange år med målretta skjøtsel har slåttemarkene på museet utvikla seg til å bli særs artsrike. Slåttemarka Vollane, som ligg mellom Prestegarden frå Vik og Kvammetunet, har så store naturverdiar at ho vert rekna som ei svært viktig slåttemark som inngår i den nasjonale satsinga på å ta vare på slåttemark som utvald naturtype etter Naturmangfaldlova.
Mykje av det kulturlandskapet på museumsområdet er knytt til 1800-talets jordbruk, og i sesongen kan du sjå døme på ulike arbeid som bonden utførte på garden. Om sommaren har vi også sauer på beite, og to lukkelige grisar som er glade i besøk. I periodar har vi også andre beitedyr på området.
Friluftsmuseet er ope heile sommarsesongen frå 2.mai til 30.september.