De Heibergske Samlinger De Heibergske Samlinger
de-heibergske-samlinger/bilde2-1717073003.jpg.

Hagedag

Tidspunkt
Stad De Heibergske Samlinger

Velkomen til hagedag på museet!

Denne dagen kan du besøke plantebytetorget til hagelaget, så di eiga solsikke og lære meir om plantearv, beredskap, biologisk mangfald og dei gamle kultursortane av museumsbonden vår. Hagelaget har også med kompost frå SIMAS. Brekka bruk kjem for å selje småplanter til grønsakshagen, og Sogn birøktarlag kjem som ein del av markeringa av verdas biedag 20.mai med stand om bier og andre pollinatorar.

I Leirmostova vert det tradisjonell lefsebakst.

Det vert også borneaktivitetar både ute og inne.

Program: 

  • Kl. 11.30 «Poteta som livbergar: plantearv, beredskap og biologisk mangfald». Museumsbonden held miniføredrag og setter potet

  • Kl. 13.00 «Dei gamle kulturarvsortane». Museumsbonden sår korn, kålerot og lin i Storåkeren.

  • Kl. 14.30 Museumsbonden steller dyra

Heile dagen

  • Plantebyttetorg og sal av planter med Hagelaget

  • Så solsikker med Sogndal Hagelag

  • Lefsebakst i Leirmostova

  • Barneaktivitetar inne på museet

  • Salgs- og informasjonsboder

(FLOR skulle komme med "sprett-opp butikk", men måtte dessverre avlyse)

Velkomen!