Hausten har for alvor gjort sitt inntog, og vi inviterer til koselege haustferiedagar med aktivitetar for store og små. Med oss kan de leike og lære ilag både ute og inne på tvers av generasjonar.
Du kan mellom anna få prøve deg som handverkar, sage ved, skjerpe kniven på slipesteinen og bygge med ekte laftestokkar!
Vi har og ei rekke med andre aktivitetar desse dagane:
Bruk dine kreative evner på formingsstasjonane våre
Test deg sjølv i aktivitetsløypa
Ta med familien og utforsk eventyrskogen vår

Haustkos i kaféen og museumsbutikk
Nyt dagens ferske bakst og kakao i god hauststemning. Vi har sitteplassar både inne og ute på museet.

Museumsbutikken er sjølvsagt open, og her har vi både tradisjonelle leikar, gåveartiklar og mykje meir.

Utstillingane er opne
Ta ein tur inn og oppdag spennande historiar og skattar frå fortida i utstillingane våre. Vi har fleire utstillingar på museet, som du kan lese meir om her.
Ta med deg familie og vener og opplev ein stemningsfull haustdag på museet!