De Heibergske Samlinger De Heibergske Samlinger
de-heibergske-samlinger/heibergske.jpeg.

Vårt daglege brød

Stad De Heibergske Samlinger

Gjev oss i dag vårt daglege brød, heiter det i Fadervåret, og forfedrane og formødrene våre måtte bruka det meste av tid og krefter nettopp på å skaffa mat til seg og sine. Frå dei eldste tider sikra forfedrane våre levebrødet gjennom jakt og sanking, fangst og fiske. I yngre steinalder, 3-4000 år f.Kr., byrja dei i tillegg å dyrka jorda, og då vart folk fastbuande, bùandi, som er det gammalnorske ordet for bonde. Jorda gav livsgrunnlag for folk og fe, og jordbruket vart kalla Modernæringa.

Utstillinga viser reiskap og utstyr frå det tradisjonelle jordbruket i bygdene våre, den tid då alle - både kvinner og menn, barn og gamle - måtte delta i dette livsviktige arbeidet. Dette er enkle, men solide og funksjonelle handreiskapar. Mange av dei var uendra frå vikingtida og fram til slutten av 1800-talet. Vi følgjer produksjonen av mat i det gamle sjølvbergingshushaldet, tema for tema: Dyrking av korn, potet og frukt, forsaking og husdyrhald, mjølk- og seterstell, jakt og fangst - fram til det daglege matstellet når maten kunne setjast på bordet.

Utstillinga vil også utfordra: Kor mykje tid, krefter og pengar brukar DU på å skaffa deg dagleg brød? Kven produserer maten din, og kor langt blir han frakta? Korleis fordeler vi maten på jorda? Eller vatnet? Kvifor kastar vi berg av mat, i ei verd der mange svelt? Og korleis kan Moder Jord i framtida sikra mat nok til alle.