De Heibergske Samlinger De Heibergske Samlinger
de-heibergske-samlinger/bilde2-1716289179.jpg.

Museumsdag: Hage

Tidspunkt
Stad De Heibergske Samlinger

Velkommen til museumsdag med hagetema!

Denne dagen er fokuset på hagen og me får blant anna besøk av Sogn Hagelag og SIMAS.

Sogndal hagelag stiller med bytetorg av ulike planter. Ta med deg knollar, små stauder/ planter som har vakse seg for store, du har overflod av eller du har sådd og fått for mykje av, og byt desse inn i andre planter. Om du ikkje har noko å byte med er det sjølvsagt høve å kjøpe for eit lite beløp.

Sogndal bibliotek og Sogndal hagelag samarbeider om frøbibliotek. Ta gjerne med frø du har til overs og bytt inn desse med andre frøsortar. Det vert diverre ikkje høve å kjøpe frø om du ikkje har med frøpakker denne dagen.

SIMAS stiller med stand med fokus på kompost.

Borgund steinovnsbakeri og Borgund chili kjem med fristande salsboder.

På museet kan du i dag lage dine eigne så-potter av avispapir og i dei kan du kan så sukkererter. Du kan også lage din eigen barkebåt.

Inne på museet har vi opna utstillinga "Planter i Norge", akvareller av Hege Gjerde Sviggum som har illustrert floraen "Planter i Norge". Du kan også prøve dag på blomsterteikning inne på museet.

Billettar:

Voksne: 120kr

Hunnør/student: 90kr

Born under 18 år: Gratis

Alle med årskort går gratis