Søndag 26. oktober blir det både skummelt og spennande på museet! Vi riggar oss til allehelgen, og inviterer små og store til ein dag full av kreativitet og mysterium. Vågar du å ta turen?
Lag ei skummel maske eller spøkelsespynt!
Vi legg fram utstyr til kreativt arbeid i formidlingsrommet.Bokstavrebus i friluftsmuseet!
Løys vår rebus på museumsområdet og få ein premie i resepsjonen.Allehelgen i kaféen!
I kafeen serverer vi bakst som passar perfekt til ei haustleg og litt skummel søndag.Utstillingane er opne!
Ta ein pust i bakken og oppdag spennande historier frå fortida – kanskje du finn noko litt mystisk der òg?
Kom som du er – eller som ein heks, vampyr eller skogstroll! Vi gler oss til å sjå deg!