Kvardagar kl 13:00 i juni, juli og august kan du få omvising i husa på museumsområdet. Oppmøte er i resepsjonen i hovudbygget.
Bli med på omvising i husa på friluftsmuseet. Med eigen guide kan du oppleva husa på ein ny måte og få eit unikt innblikk i korleis ulike sogningar har levd gjennom tidene.
Omvisinga varer om lag ein time, og foregår på norsk eller engelsk.